bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Micah 5
Micah 5
Norwegian 1938
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 6 →
1
Men du, Betlehem, Efrata, som er so liten til å vera millom Judas tusund! Frå deg skal eg få meg ein mann som skal vera herre yver Israel. Hans upphav er frå fordom, frå ævordoms dagar.
2
Difor gjev han dei yver i ulukka alt til den tid då ho som skal føda, hev født; då skal dei som er att av brørne hans, få koma heim att saman med Israels-borni.
3
Og han skal standa og gjæta i Herrens kraft, i Herrens, sin Guds høge namn; og dei skal sitja trygt, for no skal han vera stor alt til endane av jordi.
4
Og han skal vera fred. Når Assur kjem inn i landet vårt, og når han stig inn i slotti våre, so reiser me imot han sju hyrdingar, ja åtte menneske-hovdingar,
5
og dei skal herja Assurs land med sverd og Nimrods land alt inn i portane; og han skal frelsa frå Assur når han kjem inn i landet vårt, og når han stig yver landskilet vårt.
6
Då skal Jakobs leivning vera midt millom mange folkeslag liksom dogg frå Herren, som ei regnskur på gras, som ikkje biar på nokon og ikkje ventar på mannsborni.
7
Og leivningen av Jakob skal vera millom heidningfolki, midt imillom mange folk, liksom ei løva millom dyr i skogen, liksom ei ungløva inne i saueflokkar; ho trakkar ned og riv sund kvar ho fer fram, og det er ingen som bergar.
8
Høg vere di hand yver uvenene dine! Må alle fiendane dine verta utrudde!
9
Og det skal ganga so på den dagen, segjer Herren, at eg vil rydja ut alle hestane du hev, og øyda vognene dine;
10
eg vil rydja ut byane i landet ditt og riva ned alle borgene dine;
11
eg vil rydja ut all trolldom hjå deg, og folk som spår av skyene, skal ikkje lenger finnast hjå deg;
12
eg vil rydja ut or landet ditt dei utskorne bileti dine og biletsteinane dine, so du ikkje meir skal tilbeda det som hendene dine hev laga;
13
eg vil riva upp Astarte-bileti i landet ditt, og byane dine vil eg øyda.
14
I vreide og harm vil eg taka hemn yver dei heidningfolk som ikkje vilde høyra.
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 6 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7