bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Nahum 1
Nahum 1
Norwegian N 78 NN
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 2 →
1
Domsord mot Ninive. Boka om dei synene Nahum frå Elkosj fekk.
2
Ein brennhuga, ¬hemnande Gud er Herren, ja, ein hemnar er Herren ¬og full av harme. Herren hemner seg ¬på sine motstandarar, han held på vreiden ¬mot sine fiendar.
3
Herren er langmodig. Men hans kraft er stor, og han lèt ikkje vera å straffa. Gjennom storm og uver ¬går hans veg, skyer er støvet under hans fot.
4
Han trugar havet ¬og turkar det ut, alle elvar legg han turre. Basan og Karmel visnar bort, Libanons blomeprakt døyr.
5
Fjella skjelv for han, haugane skjek og rivnar. Jorda bivrar for han, verda og alle som bur der.
6
Kven kan stå seg ¬for hans harme, kven held ut ¬hans brennande vreide? Hans harme strøymer fram ¬som eld, og knausane styrtar saman ¬for han.
7
Herren er god, eit vern i naud. Han tek seg av dei ¬som tyr til han.
8
Men med veldig flaum gjer han ende på ¬sine motstandarar; sine fiendar jagar han ut ¬i mørkret.
9
Kva emnar de på mot Herren, han som reint kan gjera ende ¬på dykk? Nauda kjem ikkje ein gong til.
10
Som ihopfletta tornebusker, som eit knippe med kvister, som turr halm ¬skal dei brenna opp.
11
Frå deg gjekk det ut ¬ein mann som emna på vondskap ¬mot Herren og hadde vondt i tankar.
12
Så seier Herren: Om dei er aldri så sterke ¬og mange, skal dei hoggast ned ¬og verta borte. Og om eg har plaga deg, skal eg ikkje gjera det meir.
13
No vil eg bryta det åk ¬han la på deg, og slita sund dine lekkjer.
14
Men dette er Herrens påbod ¬om deg: Ditt namn skal ikkje ¬leva lenger. Eg vil rydja ut or ditt gudshus både utskorne ¬og støypte gudebilete. Eg vil laga ei grav åt deg, for du er funnen for lett.
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 2 →
All chapters:
1
2
3