bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Nahum 3
Nahum 3
Norwegian N 78 NN
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
1
Ve den blodige byen! Han er full av lygn og vald, aldri held han opp å røva.
2
Høyr svepesmell ¬og ramling av hjul, hestar i tvisprang ¬og slingrande vogner,
3
ryttarar som stormar fram. Lynande sverd ¬og blinkande spyd, mengder av drepne, ¬haugar av lik, ingen ende på falne kroppar – ein snåvar i lik.
4
Og dette hender på grunn av all den utukt ¬ho dreiv, den fagre ¬og trollkunnige skjøkja. Ho gjorde folkeslag til trælar ¬med si utukt og trælbatt heile ætter ¬med si trolldomskunst.
5
Sjå, eg kjem over deg, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. Eg lyfter stakken opp ¬for ditt andlet og viser folka din nakenskap og rika di skam.
6
Eg kastar skit på deg, vanærar deg ¬og syner deg fram.
7
Alle som ser deg, ¬skal røma frå deg og seia: «Ninive er herja, kven har medkjensle ¬med henne?» Kvar skal eg leita etter trøystarar til deg?
8
Er du betre enn No-Amon, som låg ved Nilen, ¬med vatn ikring, som hadde hav ¬til festningsvoll og vatn til mur?
9
Byen fekk sin store styrke frå Nubia og Egypt. Put og Libya kom han ¬til hjelp.
10
Folket der ¬vart likevel bortført, det laut fara i fangenskap. Jamvel småborna deira ¬vart knuste på alle gatehjørne. Om adelsmenn ¬vart det kasta lodd, og alle stormenn ¬vart lagde i lekkjer.
11
Du òg skal verta drukken og gå frå sans og samling. Du òg må søkja vern ¬mot fienden.
12
Alle dine festningar er som fikentre ¬med tidlegfrukt. Ved minste risting ¬dett dei ned i munnen på den som vil eta.
13
Sjå, ditt krigsfolk ¬er som kvinner. Portane i landet ditt står vidopne for fienden. Eld har øydt ¬dine portbommar.
14
Aus opp vatn ¬før du vert kringsett, set borgene i stand! Trakka gjørme, stampa leire, ta mursteinsforma fram!
15
Du skal øydast av eld, sverdet skal rydja deg ut, liksom grashoppelarva ¬eta deg opp. Vert mange ¬som grashoppelarver, tallause ¬som ein grashoppesverm!
16
Dine kjøpmenn er fleire ¬enn stjernene på himmelen. Larvene kastar hamen og flyg.
17
Dine oppsynsmenn ¬er tallause som grashopper, du har ein sverm av skrivarar. Dei slår seg ned på muren når dagen har svalna; når sola renn, flyg dei bort, og ingen veit kvar dei er.
18
Dine hovdingar blundar, ¬du Assur-konge, dine stormenn søv. Ditt folk er spreitt på fjella, og ingen samlar det inn.
19
Det finst ikkje lindring ¬for din skade, ulækjande er ditt sår. Alle som får høyra om deg, skal klappa i hendene. For kven har ikkje ¬gong på gong fått smaka din vondskap?
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
All chapters:
1
2
3