bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
1 Chronicles 10
1 Chronicles 10
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 11 →
1
Filistrane gjekk til kamp mot Israel. Då flykta israelittane for dei, og det låg mange falne på Gilboa-fjellet.
2
Filistrane var like i hælane på Saul og sønene hans, og dei felte Jonatan, Abinadab og Malkisjua, sønene til Saul.
3
Saul var hardt pressa i kampen; bogeskyttarane kom over han, og han skalv av redsle for dei.
4
Då sa Saul til våpenberaren sin: «Dra sverdet ditt og støyt det gjennom meg, så ikkje desse uomskorne skal koma og mishandla meg.» Men våpenberaren ville ikkje; han var for redd. Då tok Saul sjølv sverdet og styrta seg mot det.
5
Då våpenberaren såg at Saul var død, styrta han seg mot sverdet sitt og følgde han i døden.
6
Slik døydde Saul og dei tre sønene hans, og heile hans hus døydde ut med han.
7
Då alle israelittane som budde i dalen, såg at soldatane hadde flykta, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut frå byane sine og flykta. Og filistrane kom og slo seg ned der.
8
Dagen etter kom filistrane for å plyndra dei døde. Då fann dei Saul og sønene hans som låg falne på Gilboa-fjellet.
9
Dei plyndra Saul og tok med seg hovudet og våpna hans. Så sende dei bod rundt om i filistarlandet for å ropa ut sigersbodskapen for gudebileta og for folket.
10
Våpna hans la dei ned i gudetempelet sitt, og hovudskallen hengde dei opp i Dagons tempel.
11
Då heile Jabesj i Gilead fekk høyra kva filistrane hadde gjort med Saul,
12
drog alle våpenføre menn av stad. Dei tok lika av Saul og sønene hans og førte dei til Jabesj. Så gravla dei knoklane deira under eiketreet i Jabesj og fasta i sju dagar.
13
Slik døydde Saul fordi han hadde vore trulaus mot HERREN og ikkje halde seg etter HERRENS ord. Han hadde òg spurt gjenferd til råds,
14
men ikkje søkt råd hos HERREN. Difor lét Herren han døy, og kongedømet gjekk over til David, son til Isai.
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 11 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29