bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
1 Chronicles 14
1 Chronicles 14
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 13
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 15 →
1
Hiram, kongen i Tyros, sende nokre utsendingar til David. Dei kom med sedertre og hadde med seg steinhoggarar og tømrarar. Dei skulle byggja eit slott for han.
2
Då skjøna David at HERREN hadde stadfest kongedømet hans over Israel, og at kongsveldet hadde vorte stort for hans folk Israels skuld.
3
David tok seg fleire koner i Jerusalem, og han fekk endå fleire søner og døtrer.
4
Dette er namna på dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjammua, Sjobab, Natan, Salomo,
5
Jibhar, Elisjua, Elpelet,
6
Nogah, Nefeg, Jafia,
7
Elisjama, Beeljada og Elifelet.
8
Då filistrane høyrde at David var salva til konge over heile Israel, drog dei alle ut og ville få tak i han. Men David fekk greie på det og drog ut mot dei.
9
Filistrane kom og plyndra i Refa'im-dalen.
10
Då spurde David Gud til råds: «Skal eg dra ut mot filistrane? Vil du gje dei i mine hender?» Og HERREN svara: «Dra du; eg vil gje dei i dine hender.»
11
Så drog dei opp til Baal-Perasim, og der slo David dei. Då sa han: «Gud har ved mi hand brote igjennom fiendens rekkjer, slik vatn bryt seg veg.» Difor kallar dei den staden Baal-Perasim.
12
Der lét filistrane etter seg gudebileta sine, og David sa at dei skulle brennast.
13
Men filistrane kom att og spreidde seg ut over dalen.
14
Då bad David Gud om råd igjen, og han svara: «Du skal ikkje følgja rett etter dei. Gå rundt dei, så du kjem på dei midt framfor baka-trea.
15
Når du høyrer lyden av marsjgang over tretoppane, skal du gå til kamp. For då dreg Gud ut framfor deg for å slå filistarhæren.»
16
David gjorde som Gud hadde sagt han. Dei slo filistarhæren og forfølgde han frå Gibeon til Geser.
17
Davids namn vart kjent i alle land, og HERREN lét frykt for han koma over alle folkeslag.
← Chapter 13
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 15 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29