bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Amos 2
Amos 2
Norwegian 1938
← Chapter 1
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 3 →
1
So segjer Herren: For tri misgjerningar av Moab, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei brende beini åt Edom-kongen til kalk;
2
men eg sender eld imot Moab, han skal øyda slotti i Kerijot; og i hergny skal Moab døy, medan herrop og lurljom skrell;
3
eg ryd domaren ut or landet deira, og alle hovdingar der skal eg drepa med han, segjer Herren.
4
So segjer Herren: For tri misgjerningar av Juda, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei vanvyrde Herrens lov og heldt ikkje bodi hans, men let seg dåra av lygngudane sine, som federne fyrr hadde fylgt;
5
men eg sender eld imot Juda, han skal øyda Jerusalems slott.
6
So segjer Herren: For tri misgjerningar av Israel, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei sel skuldlaus mann for pengar og den fatige for eit par skor,
7
dei som helst vil sjå mold på ein stakkars hovud og rengjer retten for spaklyndte folk. Son og far gjeng til same gjenta, til vanhelging for mitt heilage namn.
8
På pantsette klæde ligg dei attmed kvart altar, og vin som dei hev teke i bøter, drikk dei i huset åt sin Gud.
9
Og det var då eg som rudde ut amoritane for dei, dei som var høge som sedertre og sterke som eiker, og eg tynte frukti deira ovantil og røtene nedantil;
10
det var eg som førde dykk upp frå Egyptarland og leidde dykk fram i øydemarki i fyrti år, so de skulde taka Amoritarlandet;
11
eg vekte profetar bland sønene dykkar, nasirearar bland dykkar ungdomar. Er det ikkje so, de Israels-born? segjer Herren.
12
Men de fekk nasirearane til å drikka vin, og profetane forbaud de å tala profetord.
13
Sjå, no skal eg tyngja dykk ned, som ei full-lest kornvogn tyngjer allting ned;
14
den snøgge skal ikkje finna livd, og den sterke ikkje få bruka si makt, og kjempa skal ikkje berga sitt liv;
15
bogeskyttaren stend seg ikkje, den lettføtte skal ikkje berga sitt liv, og ikkje ridaren på hesten sin;
16
den djervaste bland kjempone lyt røma naken den dagen, segjer Herren.
← Chapter 1
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 3 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9