bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Amos 3
Amos 3
Norwegian 1938
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 4 →
1
Høyr dette ordet som Herren hev tala imot dykk, de Israels-born, mot heile den ætti som eg hev ført upp frå Egyptarlandet:
2
Einast dykk vilde eg kjennast ved av alle ætter på jordi; difor vil eg heimsøkja dykk for alle misgjerningane dykkar.
3
Tru tvo gjeng i lag utan dei vart samde um det?
4
Tru løva burar i skogen utan ho hev funne eit rov? Let ungløva høyra sitt mål frå hiet utan ho hev veidt eitkvart?
5
Tru fuglen fell i snara på marki utan at snara er sett for han? Sprett snara upp frå marki, tru, utan at noko sit fast?
6
Eller ljomar vel luren i ein by utan at folket fær støkk? Eller hender ei ulukka i ein by utan at Herren hev gjort det?
7
For Herren, Israels Gud, gjer ingen ting utan at han hev forkynt si løynråd for tenarane sine, profetane.
8
Når løva burar, kven lyt ikkje reddast då? Når han talar Herren, Israels Gud, kven lyt ikkje då tala profetord?
9
Ropa ut i slotti i Asdod og i slotti i Egyptarland, seg: Samla dykk på Samariafjelli og sjå for ei uro der er, og for valdsverk som råder der!
10
Dei veit ikkje å gjera det som rett er, segjer Herren, dei som haugar upp valdsverk og tjon i slotti sine.
11
Difor, so segjer Herren, Israels Gud: Fiendar skal koma og kringsetja landet. Dei skal støyta ned borgi di, so du misser di vern, og slotti dine skal verta plundra.
12
So segjer Herren: Som hyrdingen bergar or løvegapet tvo leggbein eller ein øyrelapp, so skal Israels born verta berga, dei som sit i Samaria i sofakråi og på putor av damask.
13
Høyr og vitna mot Jakobs hus, segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud:
14
Den dagen eg heimsøkjer Israel for deira misgjerningar, då vil eg heimsøkja Betels altar, so altarhorni vert avhogne og fell til jordi;
15
både vinterhus og sumarhus vil eg slå ned, og filsbeinhusi skal siga i røys, og mange hus skal verta øydde, segjer Herren.
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 4 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9