bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Amos 7
Amos 7
Norwegian 1938
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 8 →
1
Denne syni let Herren, Israels Gud, meg sjå: Det var ein som skapte grashoppar, då håi tok til å koma; det var håi etter kongens slått.
2
Og då dei vel hadde ete upp kvart grasstrå i landet, då sa eg: Herre, Israels Gud, tilgjev! Kor kann Jakob berga livet, so liten som han er?
3
Då angra Herren det. Det skal ikkje henda, sa Herren.
4
So let Herren, Israels Gud, meg sjå denne syni: Til straffar kalla han elden fram, Herren, Israels Gud, og han åt upp det store djupet og heldt på å eta odelslandet med.
5
Då sa eg: Herre, Israels Gud, haldt upp! Kor kann Jakob berga livet, so liten som han er?
6
Då angra Herren det. Ikkje dette heller skal henda, sa Herren, Israels Gud.
7
So let han meg sjå ei sovori syn: Herren stod på ein tverrbratt mur, og i handi hadde han eit blylodd.
8
Og Herren sa til meg: Kva ser du, Amos? Eg svara: Eit blylodd. Då sa Herren: Sjå, eg skal bruka eit blylodd millom Israel, folket mitt; eg vil ikkje lenger hava tol med deira synd.
9
Isaks offerhaugar skal øydast, og Israels heilagdomar siga i røys, og mot Jeroboams hus vil eg risa upp med sverd.
10
Då sende Amasja, presten i Betel, bod til Jeroboam, Israels-kongen, med sovorne ord: Amos hev fenge til ei samansverjing mot deg midt i Israels hus; landet kann ikkje tola all røda hans.
11
For so hev Amos sagt: Jeroboam skal døy for sverd, og Israel verta burtført frå sitt land.
12
Og Amasja sa til Amos: Gakk din veg, du sjåar, fly til Judalandet! Der kann du eta ditt brød, og der kann du vera profet!
13
Men i Betel fær du ikkje lenger driva som profet; for det er kongeleg heilagdom og rikstempel.
14
Då svara Amos Amasja so: Ikkje er eg profet, og ikkje profetsvein; eg er berre ein hyrding, som sankar morbær-fikor.
15
Men Herren tok meg burt frå hjordi, og Herren sa til meg: Gakk og ver profet for mitt folk Israel!
16
So høyr no Herrens ord: Du segjer: Du skal ikkje tala profetord mot Israel og ikkje preika mot Isaks hus.
17
Difor segjer Herren so: Kona di vert skjøkja i byen, dine søner og døtter skal falla for sverd, di jord skal dei byta med mælesnor, du sjølv skal døy i eit ureint land, og Israel skal verta burtført frå sitt land.
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 8 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9