bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Hebrews 3
Hebrews 3
Norwegian 1938
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 4 →
1
Difor, heilage brør, de som hev fenge lut i eit himmelsk kall, sjå på den apostel og øvsteprest som me kjennest ved, Jesus,
2
han som var trufast mot den som gjorde han til det, liksom Moses var i heile hans hus!
3
For denne er halde som mykje større æra verd enn Moses, som den som hev bygt huset, hev større æra enn huset sjølv.
4
Kvart hus er einkvan som byggjer, men den som hev bygt alt, det er Gud;
5
og Moses var trufast i heile hans hus som ein tenar til å vitna um det som skulde talast,
6
men Kristus som Son yver huset hans, og hans hus er me, so framt me held vårt frimod og den voni me rosar oss av, fast alt til enden.
7
Difor, som den Heilage Ande segjer: I dag, um de høyrer hans røyst,
8
so forherd ikkje hjarto dykkar som på argingsstaden, på freistingsdagen i øydemarki,
9
der federne dykkar freista dei meg; dei prøvde meg, endå dei såg mine gjerningar i fyrti år;
10
difor harmast eg på denne ætti og sa: Dei fer alltid vilt i hjarta; men dei kjende ikkje mine vegar,
11
so eg svor i min vreide: Sanneleg, dei skal aldri koma inn til mi kvila!
12
Sjå til, brør, at det ikkje i nokon av dykk er eit vondt, vantruande hjarta, so han fell frå den levande Gud!
13
Men påminn kvarandre kvar dag, so lenge som det heiter: i dag, so ikkje nokon av dykk skal verta forherd ved dåring av syndi!
14
For me hev fenge lut med Kristus, so framt me held vår fyrste vissa fast til enden.
15
Når det vert sagt: I dag, um de høyrer hans røyst, so forherd ikkje hjarto dykkar som på argingsstaden,
16
kven var det då som høyrde, men endå arga han? var det ikkje alle dei som gjeng ut or Egyptarland ved Moses?
17
Men kven var det han hadde harmast på i fyrti år? var det ikkje på dei som hadde synda so deira kroppar fall i øydemarki?
18
Og kven var det han svor um at dei ikkje skulde koma inn til hans kvila, utan um dei som ikkje vilde tru?
19
So ser me då at det var for vantru skuld dei ikkje kunde koma inn.
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 4 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13