bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Hebrews 5
Hebrews 5
Norwegian 1938
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 6 →
1
For kvar øvsteprest vert teken bland menneske og vert innsett for menneske til tenesta for Gud, til å bera fram gåvor og slaktoffer for synder,
2
som ein sovoren som kann vera linnhjarta mot dei vankunnige og villfarande, av di han sjølv ligg under vesaldom,
3
og for den skuld lyt han bera fram syndoffer som for folket, so og for seg sjølv.
4
Og ingen tek seg sjølv den æra, men den som vert kalla av Gud, liksom Aron.
5
So hev ikkje Kristus heller teke seg den æra å verta øvsteprest, men han som sa til han: Du er Son min, eg hev født deg i dag.
6
Liksom han og segjer ein annan stad: Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.
7
Og han hev i sitt kjøts dagar med sterkt rop og tåror bore fram bøner og naudbeding til han som kunde frelsa han frå dauden, og vart bønhøyrd for sin gudlegdom,
8
og soleis lærde han, endå han var Son, lydnad av det han leid;
9
og då han var fullenda, vart han upphav til æveleg frelsa for alle som lyder han,
10
med di Gud kalla han øvsteprest etter Melkisedeks vis.
11
Um dette hev me mykje å segja, som og er vandt å leggja ut, etter di de hev vorte seinføre til å høyra.
12
For endå de etter tidi skulde vore lærarar, treng de atter til at ein lærer dykk kva som er dei fyrste grunnar i Guds ord, og de hev vorte slike som treng til mjølk og ikkje fast føda.
13
For kvar den som fær mjølk, er urøynd i rettferds ord; for han er eit barn.
14
Men fast føda er for vaksne, for dei som ved tame hev tilvande sansar til å skilja millom godt og vondt.
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 6 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13