bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Hebrews 8
Hebrews 8
Norwegian 1938
← Chapter 7
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 9 →
1
Men ein hovudsak i det som her vert sagt, er: Me hev ein sovoren øvsteprest som sette seg ved høgre sida åt kongsstolen til Majesteten i himlane,
2
med presteleg tenesta i heilagdomen, det sanne tabernaklet, som Herren hev reist, og ikkje eit menneske.
3
For kvar ein øvsteprest vert innsett til å bera fram både gåvor og slaktoffer; difor er det naudsynt at denne og hev noko å bera fram.
4
Um han no var på jordi, so var han ikkje ein gong prest; for det finst dei prestar som ber fram gåvone etter lovi,
5
dei som tener ved eit bilete og ein skugge av det himmelske, etter den fyresegn Moses fekk då han skulde laga tabernaklet; for han segjer: Sjå til at du fær gjort alt etter det biletet som vart synt deg på fjellet!
6
Men no hev han fenge so mykje betre prestetenesta som det og er ei hævare pakt han er millommann for, med di ho er grunnlagd på hævare lovnader.
7
For hadde den fyrste vore ulasteleg, so var det ikkje søkt rom åt ei onnor;
8
for det er lastord han talar til dei når han segjer: Sjå, det kjem dagar, segjer Herren, då eg vil gjera ei ny pakt med Israels hus og Judas hus,
9
ikkje etter den pakti som eg gjorde med federne deira den dagen då eg tok dei i handi og leide dei ut or Egyptarland; for dei vart ikkje standande i mi pakt, og so brydde eg meg ikkje um dei, segjer Herren.
10
For dette er den pakti som eg vil gjera med Israels hus etter dei dagane, segjer Herren: Eg vil leggja lovene mine i hugen deira og skriva dei i hjarta deira, og eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk,
11
og dei skal ikkje læra sin kvar sin landsmann og kvar sin bror og segja: Kjenn Herren! for dei skal alle saman kjenna meg, frå den minste til den største av dei;
12
for eg vil vera nådig mot misgjerdene deira, og syndene deira vil eg ikkje lenger koma i hug.
13
Med di han segjer: ei ny, hev han dømt den fyrste som gamal; men det som vert gamalt og foraldra, er nær ved å kverva burt.
← Chapter 7
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 9 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13