bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Joshua 19
Joshua 19
Norwegian 1938
← Chapter 18
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 20 →
1
Den andre luten fall på Simeon, på Simeons-borni og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, låg midt i Judafylket.
2
Til Simeonsfylket høyrde Be'erseba og Seba og Molada
3
og Hasar-Sual og Bala og Esem
4
og Eltolad og Betul og Horma
5
og Siklag og Bet-Hammarkabot og Hasar-Susa
6
og Bet-Leabot og Saruhen - trettan byar med grendene som høyrde til;
7
A'in, Rimmon og Eter og Asan - fire byar med grendene som høyrde til,
8
og alle bygdene som låg ikring desse byane, alt til Ba'alat-Be'er, Rama i sudlandet. Dette var odelsjordi som Simeons-ætti og greinene hennar fekk.
9
Dei fekk odelseiga si i det landet som var mælt ut til Juda-borni. Den luten som fall på Juda-borni, vart for stor åt dei; difor var det at Simeons-borni fekk landet sitt midt i deira land.
10
Den tridje luten fall på Sebulons-borni og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, rakk til Sarid.
11
Fylkesdeilet gjekk i vest upp til Marala, gjekk frammed Dabbeset og nådde den bekken som renn austanfor Jokneam.
12
I aust, der soli kjem upp, vende det seg frå Sarid burt imot Kislot-Taborbygdi, heldt fram til Haddaberat og gjekk upp til Jafia.
13
Derifrå tok det, på solsida, austsida, yver til Gat-Hefer og Et-Kasin, heldt fram til Rimmon og svinga burt til Hannea.
14
So vende deilet seg nordetter til Hannaton og enda i Jiftah-Eldalen.
15
I Sebulonsfylket låg og Kattat og Nahalal og Simron og Jidala og Betlehem; i alt var der tolv byar med grender ikring.
16
Dette var det landet Sebulons-borni og ættgreinene deira fekk til odel og eiga med byar og grender.
17
Issakar var det som fekk den fjorde luten, Issakars-borni og ættgreinene deira.
18
I landet deira låg Jisre'ela og Hakkesullot og Sunem
19
og Hafara'im og Sion og Anaharat
20
og Harabbit og Kisjon og Ebes
21
og Remet og En-Gannim og En-Hadda og Bet-Passes.
22
Fylkesdeilet gjekk frammed Tabor og Sahasuma og Bet-Semes og enda i Jordan. I alt var der sekstan byar med grender ikring.
23
Dette var det landet som Issakars-ætti og greinene hennar fekk til odel og eiga, med byar og grender.
24
Den femte luten fall på Asers-ætti og greinene hennar.
25
I deira land låg Helkat og Hali og Beten og Aksaf
26
og Allammelek og Amad og Misal. Fylkesdeilet nådde i vest til Karmel og Sihor-Libnat;
27
so vende det seg austetter til Bet-Dagon og gjekk so frammed Sebulonsfylket og Jiftah-Eldalen, nordanfor Bet-Haemek og Ne'iel; sidan heldt det fram til Kabul i nord.
28
I Asersfylket låg og Ebron og Rehob og Hammon og Kana, alt burt til Stor-Sidon.
29
So vende deilet seg mot Harama og heldt fram til Tyrusborgi; der ifrå tok det leidi til Hosa og gjekk ut i havet ikkje langt frå Aksib.
30
Umma og Afek og Rehob låg og i dette fylket. I alt var der tvo og tjuge byar med grender ikring.
31
Dette var det landet som Asers-ætti og greinene hennar fekk til odel og eiga, med byar og grender.
32
På Naftali-borni fall den sette luten, på Naftali-borni og ættgreinene deira.
33
Fylkesdeilet deira gjekk frå Helef, frå Sa'anannimeiki, um Adami-Hannekeb og Jabne'el, heldt fram til Lakkum og gjekk ut i Jordan.
34
So vende deilet seg vestetter til Asnot-Tabor og heldt fram til Hukkok. I sud skifte dei med Sebulon og i vest med Aser og i aust med Juda ved Jordan.
35
Av faste byar var der: Hassiddim, Ser og Hammat, Rakkat og Kinneret
36
og Adama og Harama og Hasor
37
og Kedes og Edre'i og En-Hasor
38
og Jiron og Migdal-El, Horem og Bet-Anat og Bet-Semes. I alt var der nittan byar med grender ikring.
39
Dette var det landet Naftali-ætti og greinene hennar fekk til odel og eiga, med byar og grender.
40
På Dans-ætti og greinene hennar fall den sjuande luten.
41
I deira fylkesland låg Sora og Estaol og Ir-Semes
42
og Sa'alabbin og Ajalon og Jitla
43
og Elon og Timnata og Ekron
44
og Elteke og Gibbeton og Ba'alat
45
og Jehud og Bene-Berak og Gat-Rimmon
46
og Me-Hajarkon og Harakkon og bygdene burtmed Joppe.
47
Men det vart for trongt for Dans-borni i landet deira; difor for dei nordetter og tok på Lesem-buane; dei vann landet deira og øydde det med odd og egg; sidan la dei det under seg og vart buande der; og i staden for Lesem kalla dei bygdi Dan etter ættefaren sin.
48
Dette var det landet Dans-ætti og greinene hennar fekk til odel og eiga, med byar og grender.
49
Då Israels-borni vel hadde skift ut heile Kana'anslandet, so vidt som det var, let dei Josva Nunsson få ei odelseiga millom seg;
50
dei gjorde som Herren hadde sagt, og gav han den byen han bad um, Timnat-Serah på Efra'imsfjellet; og han bygde upp byen og busette seg der.
51
Dette var dei odelseigone som Eleasar, presten, og Josva Nunsson og hovdingane yver Israels ætter og ættgreiner luta ut i Silo for Herrens åsyn, i møtetjelddøri. Dermed var dei ferdige med å skifta ut landet.
← Chapter 18
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 20 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24