bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Joshua 21
Joshua 21
Norwegian 1938
← Chapter 20
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 22 →
1
Ættefederne åt levitane gjekk fram for Eleasar, presten, og Josva Nunsson og ættefederne åt Israels-borni
2
og tala soleis til dei i Silo i Kana'anslandet: Moses kom med det bodet frå Herren at me skulde få byar til å bu i med beitemarker ikring åt feet vårt.
3
Og Israels-borni gjorde som Herren hadde sagt, og gav levitane av sitt eige land dei byane me snart skal nemna, med beitemarkene som låg ikring.
4
Då dei no kasta lut, fall den fyrste luten på Kahats-ættene; dei levitane som var ætta frå Aron, presten, fekk trettan byar hjå Juda-ætti og Simeons-ætti og Benjamins-ætti,
5
og dei andre Kahat-borni fekk for sin lut ti byar hjå Efra'ims ættgreiner og Dans-ætti og den eine helvti av Manasse-ætti.
6
Gersons-borni fekk for sin lut trettan byar hjå Issakars ættgreiner og Asers-ætti og Naftali-ætti og den helvti av Manasse-ætti som var i Basan.
7
Merari-borni og ættgreinene deira fekk tolv byar hjå Rubens-ætti og Gads-ætti og Sebulons-ætti.
8
Desse byane med beitemarkene som høyrde til, gav Israels-borni åt levitane, soleis som Moses hadde sagt dei frå Herren, og let dei kasta lut um dei.
9
I Judafylket og Simeonsfylket gav dei frå seg dei byane som me no skal nemna ein for ein:
10
det var Arons-sønene av Levi-ætti, Kahat-greini, som fekk dei; for dei fall den fyrste luten på.
11
Dei fekk den byen i Judafjelli som heitte etter Arba, ættefaren åt anakitane, og som me no kallar Hebron, med beitemarkene som låg rundt ikring;
12
men åkerlandet og gardane som høyrde til byen, gav dei Kaleb Jefunneson til odel og eiga.
13
Dei som var ætta frå Aron, presten, fekk i desse tvo fylki både Hebron, som var fristad for dråpsmenner, og Libna
14
og Jattir og Estemoa
15
og Holon og Debir
16
og A'in og Jutta og Bet-Semes, ni byar med beitemarkene som høyrde til,
17
og i Benjaminsfylket Gibeon og Geba
18
og Anatot og Almon, fire byar med beitemarkene som høyrde til.
19
Soleis fekk Arons-sønene, prestane, i alt trettan byar med beitemarker attåt.
20
No skal me nemna dei byane som fall på dei andre Kahats-borni, dei levitiske Kahats-ættene: Dei fekk i Efra'imsfylket
21
Sikem, som var fristad for dråpsmenner, i Efra'imsfjelli og Geser
22
og Kibsa'im og Bet-Horon, fire byar med beitemarkene som høyrde til,
23
og i Dansfylket Elteke og Gibbeton
24
og Ajalon og Gat-Rimmon, fire byar med beitemarkene som høyrde til,
25
og i det eine halve Manassefylket Ta'anak og Gat-Rimmon, tvo byar med beitemarkene som høyrde til.
26
Det var i alt ti byar med beitemarker attåt som dei hine greinene av Kahats-ætti fekk.
27
Levitane av Gerson-greini fekk i det andre halve Manassefylket Galon i Basan, ein av fristadene for dråpsmenner, og Be'estera, tvo byar med beitemarkene som høyrde til,
28
og i Issakarsfylket Kisjon og Daberat,
29
Jarmut og En-Gannim, fire byar med beitemarkene som høyrde til,
30
og i Asersfylket Misal og Abdon
31
og Helkat og Rehob, fire byar med beitemarkene som høyrde til,
32
og i Naftalifylket Kedes i Galilea, ein av fristadene for dråpsmenner, og Hammot-Dor og Kartan, tri byar med beitemarkene som høyrde til.
33
Soleis fekk gersonitane og ættgreinene deira i alt trettan byar med beitemarker attåt.
34
Dei som var att av levitane, Merari-borni og ættgreinene deira, fekk i Sebulonsfylket Jokneam og Karta
35
og Dimna og Nahalal, fire byar med beitemarkene som høyrde til,
36
og i Rubensfylket Beser og Jahsa,
37
Kedemot og Mefa'at, fire byar med beitemarkene som høyrde til,
38
og i Gadsfylket Ramot i Gilead, ein av fristadene for dråpsmenner, og Mahana'im
39
og Hesbon og Jaser, fire byar med beitemarkene som høyrde til.
40
Det var i alt tolv byar som fall på dei siste Levi-ættene, Merari-borni og ættgreinene deira.
41
Alt i alt fekk levitane i odelslandet åt Israels-borni åtte og fyrti byar med beitemarker attåt.
42
Desse byane hadde kvar sine beitemarker ikring seg; so var det med dei alle.
43
Soleis gav Herren Israel heile det landet som han hadde lova at han vilde gjeva federne deira, og dei eigna det til seg og busette seg der.
44
Og Herren let dei hava fred på alle leder, heiltupp soleis som han hadde lova federne deira. Ingen av alle uvenene deira kunde standa seg imot dei; Herren gav alle fiendar i deira hender.
45
Ikkje eit einaste av alle dei gode ordi Herren hadde tala til Israels hus, vart um inkje; alt saman gjekk fram.
← Chapter 20
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 22 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24