bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Leviticus 17
Leviticus 17
Norwegian 1938
← Chapter 16
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 18 →
1
Og Herren tala til Moses og sa:
2
Tala til Aron og sønene hans og til alle Israels-borni og seg til dei: Høyr no kva Herren vil de skal gjera:
3
Er det nokon mann av Israels-ætti som slaktar ein ukse eller ein sau eller ei geit anten i eller utanfor lægret
4
og ikkje leider dei fram til møtetjelddøri og ofrar Herren ei gåva framfor Herrens tabernakel, so skal den mannen reknast jamgod med ein dråpsmann; han hev rent ut blod og skal rydjast ut or folket sitt.
5
Difor skal Israels-borni koma til Herren med slaktedyri sine som dei er vane å slakta ute på marki, og leida dei fram åt møtetjelddøri, til presten, og ofra dei til takkoffer åt Herren.
6
Og presten skal skvetta blodet på Herrens altar som stend framanfor møtetjelddøri, og brenna feittet til godange for Herren.
7
Og dei skal ikkje lenger gjeva slaktofferi sine til dei vonde åndene som dei flyg etter. Dette skal vera ei æveleg lov for dei, frå ætt til ætt.
8
Og dette skal du segja til dei: Dersom nokon av Israels-ætti eller av dei framande som bur millom dei, ber fram eit brennoffer eller slaktoffer
9
og ikkje kjem til møtetjelddøri med det og ofrar det til Herren, so skal den mannen rydjast ut or folket sitt.
10
Og dersom nokon av Israels-ætti eller av dei framande som bur millom dei, et aldri so lite blod, so skal eg kvessa augo imot den mannen og rydja han ut or folket hans.
11
For sjeli åt kjøtet er i blodet, og eg hev gjeve dykk lov til å hava blod på altaret til soning for sjelene dykkar. For blodet det sonar av di sjeli er i det.
12
Difor hev eg sagt til Israels-borni: Ingen av dykk må eta blod; dei framande som bur hjå dykk, må heller ikkje gjera det.
13
Og når nokon av Israels-borni eller av dei framande som bur millom dei, veider eit villdyr eller ein fugl som dei lov til å eta, so skal han lata blodet renna ut og hava jord yver det.
14
For blodet er i sjeli i alt kjøt, av di sjeli er i det; difor sa eg til Israels-borni: De må ikkje eta blodet av noko kjøt, for blodet er sjeli i alt kjøt; kven som et det, han skal rydjast ut.
15
Hev nokon mann, anten han er fødd i landet eller han er framand, ete av eit dyr som er sjølvdaudt eller ihelrive, so skal han två klædi sine og lauga seg og vera urein alt til kvelds; sidan er han rein.
16
Tvær han ikkje klædi sine og ikkje laugar lekamen sin, so gjer han ei synd som han lyt lida for.
← Chapter 16
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 18 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27