bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Leviticus 21
Leviticus 21
Norwegian 1938
← Chapter 20
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 22 →
1
Og Herren sa til Moses: Tala til prestane, Arons-sønene, og seg til dei: Ein prest må ikkje gjera seg urein for landsmennene sine med å røra noko lik,
2
minder det er ein av hans næmaste skyldfolk, anten mor eller far eller son eller dotter eller bror
3
eller ei syster som var møy og endå høyrde til ætti, med di ho ikkje var burtgift; henne kann han koma nær um ho ligg lik.
4
Han må ikkje gjera seg urein i sitt ektestand, so han vanhelgar seg millom landsfolket sitt.
5
Prestane må ikkje raka seg snaude nokon stad på hovudet og ikkje stytta skjegget sitt og ikkje skjera seg i holdet.
6
Heilage skal dei vera for sin Gud, dei må ikkje vanhelga namnet hans; for det er dei som ber fram eldofferi åt Herren, maten åt deira Gud; difor skal dei vera heilage.
7
Ingen av dei må gifta seg med ei skjøkja eller ei kvinna som er utskjemd, heller ikkje med ei kvinna som mannen hev skilt seg frå; for heilag er presten for sin Gud.
8
Og du skal halda han heilag; for det er han som ber fram maten åt din Gud; heilag skal han vera deg; for eg er heilag, eg, Herren, som helgar dykk.
9
Og dersom ei prestedotter vanhelgar seg med skjøkjelivnad, so vanhelgar ho far sin; ho skal brennast på bål.
10
Den presten som er yver alle brørne sine, han som hev fenge salvingsoljen på hovudet sitt og er vigd til øvsteprest og hev klædt seg i den heilage bunaden, han må ikkje raka seg på hovudet og ikkje riva sund klædi sine.
11
Han må ikkje ganga inn til noko lik; ikkje far eller mor di heller må han koma nær etter dei hev andast; for då vert han urein.
12
Han må ikkje ganga ut or det heilage huset, so han vanhelgar heilagdomen åt sin Gud; for vigsla av Guds salvingsolje er yver han; eg er Herren.
13
Han skal taka ei rein møy til kona.
14
Ei enkja, eller ei kvinna som er fråskild eller utskjemd, eller ei skjøkja, slik ei må han aldri gifta seg med. Berre ei møy av folket sitt må han taka til kona.
15
Han må ikkje vanhelga ætti si millom folket; for eg er Herren, som helgar han!
16
Og Herren tala til Moses og sa:
17
Tala til Aron og seg: Er det nokon av ætti di, no eller i komande tider, som hev eit lyte, so må han ikkje ganga innåt og bera fram maten åt sin Gud.
18
Ingen som det er noko lyte på, må ganga innåt, ingen som er blind eller halt eller hev noko lyte i andletet eller ein lem som er for stor
19
eller ein broten fot eller arm,
20
eller som er krylryggja eller dverg, eller som hev ein kvit flekk på augnesteinen eller hev skabb eller noko anna utbrot eller er klakka.
21
Ingen etterkomar av Aron, presten, som hev noko lyte, må ganga innåt og bera fram eldofferi åt Herren; det er lyte på han, han må ikkje ganga innåt og bera fram maten åt sin Gud.
22
Han må nok eta av rettene åt sin Gud, både dei høgheilage og dei heilage;
23
men etter di det er lyte på han, må han ikkje ganga fram til forhenget og ikkje koma innåt altaret; han må ikkje vanhelga heilagdomane mine; for eg er Herren, som helgar dei.
24
Og Moses sa dette til Aron og sønene hans og til alle Israels-borni.
← Chapter 20
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 22 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27