bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Zechariah 1
Zechariah 1
Norwegian 1938
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 2 →
1
I den åttande månaden i andre styringsåret åt Darius kom Herrens ord til profeten Sakarias, son åt Berekias, son åt Iddo, og det lydde so:
2
Ofseleg harm var Herren på federne dykkar.
3
Seg difor no til dei: So segjer Herren, allhers Gud: Vend um til meg, segjer Herren, allhers Gud, so skal eg venda um til dykk, segjer Herren, allhers Gud.
4
Ver ikkje like federne dykkar, som dei fyrre profetane varsla med sovorne ord: So segjer Herren, allhers Gud: Vend då um frå dei vonde vegane dykkar og dei vonde gjerningane dykkar! Men dei høyrde ikkje og vyrde meg ikkje, segjer Herren.
5
Federne dykkar, kvar er dei? Og profetane, kann dei leva til æveleg tid?
6
Men mine ord og mine rådgjerder, som eg baud profetane, tenarane mine, å forkynna, råka dei ikkje federne dykkar, so dei venda um og sa: Som Herren, allhers Gud, hadde sett seg fyre å gjera med oss etter våre vegar og våre gjerningar, so hev han gjort med oss?
7
Den fire og tjugande dagen i ellevte månaden - det er månaden sebat - i andre styringsåret åt Darius, kom Herrens ord til profeten Sakarias, son åt Berekias, son åt Iddo, og det lydde so:
8
Ei syn hadde eg um natti: Eg såg ein mann som reid på ein raud hest; han stod still millom myrtetrei i dalbotnen, og attanfor han stod raude, blakke og kvite hestar.
9
Då spurde eg: Kva er dette, herre? Og engelen som tala med meg, svara: Eg skal syna deg kva dette er.
10
Mannen millom myrtetrei tok då til ords og sa: Dette er dei som Herren hev sendt ut til å fara ikring på jordi.
11
Og dei svara Herrens engel, som stod millom myrtetrei: Me hev fare ikring på jordi, og me hev set at heile jordi kviler i fred og ro.
12
Då tok Herrens engel til ords og sa: Herre, allhers Gud! Kor lenge skal det drygja fyrr du gjer miskunn mot Jerusalem og byane i Juda, som du hev harmast på no i sytti år?
13
Herren svara då engelen som tala med meg, med gode og trøystande ord.
14
Og engelen som tala med meg, sa til meg: Dette skal du forkynna: So segjer Herren, allhers Gud: Eg er brennande ihuga for Jerusalem og Sion,
15
og ovleg vreid er eg på dei sjølvtrygge heidningfolki; for eg var berre litegrand vreid, men dei auka ulukka.
16
Difor segjer Herren so: Eg vender meg atter til Jerusalem med miskunn. Huset mitt skal verta bygt der, segjer Herren, allhers Gud, og mælesnor skal verta spana ut yver Jerusalem.
17
Framleides skal du forkynna: So segjer Herren, allhers Gud: Endå ein gong skal byane mine fløyma yver av det som godt er, endå skal Herren trøysta Sion, endå ein gong velja ut Jerusalem.
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 2 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14