bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Zechariah 4
Zechariah 4
Norwegian 1938
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 5 →
1
Sidan kom engelen som tala med meg, og vekte meg att liksom når ein mann vert vekt or svevnen,
2
og han sa til meg: Kva ser du? Eg svara: Eg ser ein ljosestake som er heilt av gull, med oljeskåli si på toppen og sine sju lampor, og med sju røyrer for kvar lampa som er på han,
3
og tvo oljetre stend attved, eitt på høgre sida av oljeskåli og eitt på vinstre sida.
4
Og eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: Kva skal desse ting tyda, herre?
5
Engelen som tala med meg, svara: Skynar du ikkje kva dette tyder? Eg svara: Nei, herre!
6
Då tok han til ords og sa til meg: Dette er Herrens ord til Serubabel: Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande, segjer Herren, allhers Gud.
7
Kven er du, du store fjell som ris framfor Serubabel? Jamna deg ut til ei sletta! Han skal føra fram toppsteinen medan dei ropar: Nåde, nåde vere med han!
8
Og Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
9
Serubabels hender hev tufta dette huset, og hans hender skal fullenda det; og du skal få sanna at Herren, allhers Gud, hev sendt meg til dykk.
10
For kven vil vanvyrda dagen som tok til i det små? Med gleda ser dei sju augo blyloddet i Serubabels hand, desse Herrens augo som fer ikring heile jordi.
11
Då tok eg til ords og sa til han: Kva skal dei tyda desse tvo oljetrei på høgre og vinstre sida av ljosestaken?
12
Og eg tok til ords andre gongen og spurde han: Kva skal dei tyda dei tvo oljegreinene tett attved dei tvo gullrøyrene som det renn gull ned ifrå?
13
Då sa han til meg: Kva? Veit du ikkje kva desse skal tyda? Eg svara: Nei, herre!
14
Då sa han: Det er dei tvo som er salva med olje og stend hjå herren yver all jordi.
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 5 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14