bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Zechariah 3
Zechariah 3
Norwegian 1938
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 4 →
1
So let han meg sjå Josva, øvstepresten. Han stod framfor Herrens engel, og ved høgre sida hans stod Satan og vilde klaga han.
2
Men Herren sa til Satan: Herren refse deg, Satan! Herren refse deg, han som hev valt ut Jerusalem! Er ikkje denne mannen her ein brand som er berga ut or elden?
3
Men Josva var klædd i skitne klæde der han stod framfor engelen.
4
Då tok engelen til ords og sa til dei som stod framfor han: Tak av han dei skitne klædi! Og til han sjølv sa han: Sjå, eg tek burt syndeskuldi di og klæder deg i høgtidsbunad!
5
Då sa eg: Set ei rein huva på hovudet hans! Og dei sette den reine huva på hovudet hans og hadde på han andre klæde medan Herrens engel stod der.
6
Då vitna Herrens engel for Josva og sa:
7
So segjer Herren, allhers Gud: Dersom du gjeng på mine vegar og held mine bod, so skal du og få styra mitt hus og vakta mine fyregardar, og eg skal gjeva deg førarar millom desse som her stend.
8
Høyr no, Josva, du øvsteprest! Du og venene dine, som sit her framfyre deg, de er varselsmenner. For sjå, eg vil lata min tenar Renning koma;
9
for sjå, den steinen som eg hev lagt framfor Josva - på denne eine steinen vaker sju augo! Sjå, eg ritar på han innskrifti som høyrer til, segjer Herren, allhers Gud, og eg tek burt syndeskuldi åt dette landet på ein einaste dag.
10
På den dagen, segjer Herren, allhers Gud, skal de beda kvarandre til gjestebod under vintreet og fiketreet.
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 4 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14