bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
1 Samuel 11
1 Samuel 11
Norwegian N 78 NN
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 12 →
1
Ammonitten Nakasj gjorde ei hærferd og kringsette Jabesj i Gilead. Då sa Jabesj-buane til han: «Gjer ei pakt med oss, så skal vi gje oss under deg.»
2
Men ammonitten Nakasj svara: «Eg skal gjera ei pakt med dykk på den måten at eg stikk ut høgre auga på kvar av dykk, til vanære for heile Israel.»
3
Då sa dei eldste i Jabesj til han: «Gjev oss ein frist på sju dagar, så vi kan senda bod rundt om i heile Israel. Er det då ingen som hjelper oss, skal vi gje oss over til deg.»
4
Då sendemennene kom til Sauls Gibea og bar fram ærendet sitt for folket, sette heile folket i å gråta.
5
I same stunda kom Saul heim frå åkeren og dreiv oksane føre seg. Han spurde kva som var i vegen med folket, sidan dei gret. Dei fortalde han kva mennene frå Jabesj hadde sagt.
6
Då Saul høyrde det, kom Guds Ande over han, og han vart brennande harm.
7
Han tok to oksar, hogg dei sund og sende stykka kring i heile Israel med bodberarar som skulle seia: «Så skal dei gjera med oksane åt den som ikkje fylgjer Saul og Samuel i striden.» Då kom det ei redsle frå Herren over folket, og dei drog ut, alle som ein.
8
Han mønstra dei ved Besek. Det var 300 000 israelittar og 30 000 judearar.
9
Så sa dei til bodberarane som var komne: «Sei til folket i Jabesj i Gilead: I morgon når sola tek til å heta, skal det koma hjelp til dykk.» Då bodberarane kom og fortalde Jabesj-buane dette, vart dei glade.
10
Og dei sa til Nakasj: «I morgon skal vi gje oss over til dykk, så kan de gjera med oss som de synest.»
11
Dagen etter delte Saul folket i tre flokkar, og i morgonvakta braut dei inn i leiren og hogg ned ammonittane; dei heldt ikkje opp før midt på heitaste dagen. Dei som slapp unna, vart spreidde; det var ikkje att to mann på same staden.
12
Då sa folket til Samuel: «Kven var det som sa: Skal Saul vera konge over oss? Hit med karane, så vi kan få drepa dei!»
13
Men Saul sa: «På denne dagen skal ingen lata livet; for i dag har Herren gjeve Israel siger.»
14
Og Samuel sa til folket: «Kom, lat oss fara til Gilgal og stadfesta kongedømet der!»
15
Så fór alt folket til Gilgal, og der gjorde dei Saul til konge for Herrens åsyn. Dei bar fram måltidsoffer for Herrens åsyn, og Saul og alle israelittane gledde seg storleg.
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 12 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31