bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
1 Samuel 24
1 Samuel 24
Norwegian N 78 NN
← Chapter 23
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 25 →
1
Så fór David opp derifrå og heldt til i fjellborgene ved En-Gedi.
2
Då Saul kom heim etter hærferda mot filistarane, fekk han vita at David var i øydemarka ved En-Gedi.
3
Då tok han med seg tre tusen mann, som han hadde valt ut or heile Israels-folket, og drog av stad og ville leita etter David og mennene hans austanfor Steinbukk-hamrane.
4
Og han kom til sauekveene attmed vegen. Der var det ei hole, og dit gjekk Saul inn i eige ærend. Men inst i hola sat David og mennene hans.
5
Då sa mennene åt David til han: «No er den dagen komen som Herren hadde i tankar då han sa til deg: Eg skal gje fienden din i di hand, så du kan gjera med han som du vil.» Så reiste David seg og skar ein snipp av kappa til Saul utan at han merka det.
6
Men sidan fekk David vondt samvit, fordi han hadde skore snippen av kappa til Saul,
7
og han sa til mennene sine: «Herren fri meg frå å gjera slikt mot herren min, mot Herrens salvevigde, og leggja hand på han! For han er den som Herren har salva.»
8
David tala mennene sine til rettes og gav dei ikkje lov til å ta på Saul. Då Saul gjekk ut or hola og ville fara sin veg,
9
reiste David seg, fylgde etter han og ropa: «Herre konge!» Saul såg attom seg. Då bøygde David seg med andletet mot jorda, kasta seg ned
10
og sa: «Kvifor høyrer du på folk som seier at David prøver å gjera deg vondt?
11
I dag har du då med eigne augo sett at Herren gav deg i mi hand i hola. Dei rådde meg til å drepa deg. Men eg sparte deg, for eg tenkte: Eg vil ikkje leggja hand på herren min; for han er den som Herren har salva.
12
Sjå her, far, her har eg snippen av kappa di i handa! Når eg skar denne snippen av kappa di og ikkje drap deg, må du då sjå og skjøna at eg ikkje emnar på noko vondt eller på svik. Og eg har ikkje forbrote meg mot deg. Men du er etter meg og vil ta livet av meg.
13
Herren skal døma mellom meg og deg; han skal gje meg hemn over deg, men eg vil ikkje leggja hand på deg.
14
Det er som dei seier med eit gamalt ord: Av vonde er vondt ventande. Men eg legg ikkje hand på deg.
15
Kven er det Israels konge er ute og leitar etter? Kven er det du forfylgjer? Ein daud hund, ei einsleg loppe!
16
Så skal då Herren vera domar og døma mellom meg og deg. Han skal sjå til å føra mi sak og hjelpa meg til min rett mot deg.»
17
Då David hadde tala desse orda til Saul, sa kongen: «Er det du som talar, David, son min?» Så sette han i og gret
18
og sa til David: «Du er betre enn eg, for du har gjort godt mot meg, endå eg har gjort vondt mot deg.
19
I dag har du synt meg kor god du er mot meg; du drap meg ikkje då Herren hadde gjeve meg i di hand.
20
Kvar er den mannen som kjem over fienden sin og lèt han fara sin veg i fred? Gjev Herren må løna deg for det du har gjort mot meg i dag!
21
No veit eg at du skal verta konge og halda kongedømet over Israel fast i di hand.
22
Så sver då ved Herren at du ikkje vil rydja ut etterkomarane mine og ikkje stryka ut namnet mitt or farsætta mi!»
23
Det svor David på. Så fór Saul heim att, og David og mennene hans gjekk opp til fjellborga.
← Chapter 23
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 25 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31