bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
1 Samuel 3
1 Samuel 3
Norwegian N 78 NN
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 4 →
1
Guten Samuel gjorde no teneste for Herren, og Eli hadde tilsyn med han. I dei dagar kom det sjeldan ord frå Herren, og av syner var det få.
2
Så var det ein gong medan Eli låg på romet sitt. Augo hans hadde teke til å dimmast; han såg ikkje klårt.
3
Guds lampe hadde endå ikkje slokna, og Samuel låg i Herrens tempel, der Guds paktkiste stod.
4
Då ropa Herren på Samuel. Han svara: «Ja, her er eg,»
5
og sprang inn til Eli og sa: «Her er eg. Du ropa på meg.» Men Eli sa: «Eg ropa ikkje. Gå og legg deg att!» Så gjekk han og la seg.
6
Då ropa Herren ein gong til: «Samuel!» Og Samuel stod opp og gjekk inn til Eli og sa: «Her er eg. Du ropa på meg.» Men Eli svara: «Nei, eg ropa ikkje, guten min. Gå og legg deg, du!»
7
Samuel kjende ikkje Herren, for Herrens ord var endå ikkje openberra for han.
8
Så ropa Herren tredje gongen på Samuel. Og han stod opp og gjekk inn til Eli og sa: «Her er eg. Du ropa på meg.» Då skjøna Eli at det var Herren som ropa på guten.
9
Og han sa til Samuel: «Gå og legg deg! Og ropar han på deg att, skal du svara: Tala, Herre, tenaren din høyrer!» Så gjekk Samuel og la seg i romet sitt.
10
Då kom Herren og stod framføre han. Han ropa som før: «Samuel, Samuel!» Og Samuel svara: «Tala, tenaren din høyrer!»
11
Då sa Herren til Samuel: «No vil eg gjera slike ting i Israel at det ringjer for øyro på alle som høyrer om det.
12
Den dagen skal Eli få sanna alt det eg har varsla om ætta hans, frå fyrst til sist.
13
Eg har kunngjort for han at eg vil døma ætta hans for alle tider, for det brotet han gjorde. Han aga ikkje sønene sine, endå han visste at dei forbanna Gud.
14
Difor har eg gjort denne eiden om Eli-ætta: Aldri skal skulda åt Eli-ætta kunna sonast, anten med slaktoffer eller med offergåver.»
15
Samuel vart liggjande til morgons. Då opna han døra til Herrens hus; men han våga ikkje å fortelja Eli om synet.
16
Då ropa Eli på han og sa: «Samuel, guten min!» «Ja, her er eg,» svara han.
17
Eli spurde: «Kva var det han sa til deg? Kjære, døl det ikkje for meg! Gud la det gå deg ille både no og sidan om du døl for meg noko av det han sa til deg.»
18
Så fortalde Samuel alt saman og dulde ingen ting for han. Då sa Eli: «Han er Herren. Han lyt gjera som han tykkjer best.»
19
Så voks Samuel opp. Og Herren var med han og lét ikkje noko av det han hadde sagt, falla maktlaust til jorda.
20
Då skjøna heile Israel frå Dan til Be’er-Sjeba at Herren sette lit til Samuel og hadde kalla han til profet.
21
Og Herren heldt fram med å syna seg i Sjilo; der openberra Herren seg for Samuel gjennom sitt ord.
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 4 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31