bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Exodus 1
Exodus 1
Norwegian N 78 NN
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 2 →
1
Dette er namna på Israels-sønene som kom til Egypt saman med Jakob, kvar med sin huslyd:
2
Ruben, Simeon, Levi, Juda,
3
Jissakar, Sebulon, Benjamin,
4
Dan, Naftali, Gad og Asjer.
5
Dei som ættast frå Jakob, var sytti i talet. Josef var alt i Egypt.
6
Så døydde Josef og alle brørne hans og heile den ættleden.
7
Men Israels-folket voks og auka; det vart så stort og talrikt at det fylte heile landet.
8
Då kom det ein ny konge i Egypt, som ikkje visste noko om Josef.
9
Han sa til folket sitt: «Sjå, Israels-folket er større og sterkare enn vi.
10
Lat oss fara klokt fram, så dei ikkje skal auka endå meir! For kjem det krig, slår dei seg kanskje saman med fiendane våre, strider mot oss og fer frå landet!»
11
Så sette egyptarane futar over israelittane. Dei skulle plaga dei med tvangsarbeid. Israelittane laut byggja to byar med lagerhus for farao; det var Pitom og Ramses.
12
Men di meir egyptarane plaga dei, di meir auka dei, og di meir breidde dei seg ut, så egyptarane vart redde dei.
13
Dei nøydde israelittane til å træla for seg
14
og gjorde livet surt for dei med hardt arbeid i leirtaka og teglverka og med allslags jordarbeid. Alt dette trælearbeidet tvinga dei israelittane til å gjera.
15
Kongen i Egypt sa til jordmødrene åt hebrearkvinnene – den eine heitte Sjifra og den andre Pua:
16
«Når de hjelper ei hebrearkone til å føda, skal de sjå etter i fødestolen. Er det då ein gut, skal de drepa han; er det ei jente, kan ho få leva.»
17
Men jordmødrene hadde age for Gud og gjorde ikkje som egyptarkongen sa; dei lét gutane leva.
18
Då kalla kongen jordmødrene til seg og sa til dei: «Kvifor gjer de dette og lèt gutane leva?»
19
Jordmødrene svara farao: «Dei hebraiske kvinnene er ikkje som dei egyptiske, dei er sterkare; før jordmora kjem, har dei fått barnet.»
20
Då gjorde Gud vel imot jordmødrene. Folket auka og vart svært talrikt.
21
Og fordi jordmødrene hadde age for Gud, gav han dei etterkomarar.
22
Då gav farao heile folket sitt dette påbodet: «Kvar son som vert fødd hjå hebrearane, skal de kasta i Nilen; men døtrene skal de la leva!»
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 2 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40