bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Exodus 38
Exodus 38
Norwegian N 78 NN
← Chapter 37
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 39 →
1
Brennofferaltaret laga han av akasietre. Det var fem alner langt, fem alner breitt, firkanta og tre alner høgt.
2
På kvart av dei fire hjørna laga han eit horn, og horna gjekk i eitt med altaret. Han kledde det med bronse.
3
Så laga han alle dei reiskapane som høyrde altaret til, fata, eldskuflene, offerskålene, kjøtgaflane og glopannene. Alle desse reiskapane laga han av bronse.
4
Han laga òg eit fletta gitter av bronse til altaret og sette det nedst, under altarlista, så det nådde midt opp på altaret.
5
Og han støypte fire ringar til dei fire hjørna av bronsegitteret til å smøya stenger inn i.
6
Stengene laga han av akasietre og kledde dei med bronse.
7
Han smøygde dei inn i ringane på sidene av altaret, så det kunne berast. Altaret laga han av bord, og det var holt.
8
Han laga vaskekaret og fotstykket av bronse. Til det bruka han speglane åt dei kvinnene som gjorde teneste innmed møteteltdøra.
9
Så laga han føregarden. På sørsida av føregarden laga han omheng av fint, tvinna lingarn, i ei lengd av hundre alner.
10
Til dei var det tjue stolpar med fotstykke av bronse og hakar og stenger av sølv.
11
På nordsida laga han òg omheng, i ei lengd av hundre alner. Til dei var det tjue stolpar med fotstykke av bronse og hakar og stenger av sølv.
12
På vestsida laga han omheng på femti alner. Til dei var det ti stolpar med fotstykke. Hakane på stolpane og stengene var av sølv.
13
Framsida som vender mot aust, var femti alner.
14
Der laga han femten alner omheng på den eine kanten, med tre stolpar og tre fotstykke,
15
og på den andre kanten femten alner, med tre stolpar og tre fotstykke. Det var likt på begge sider av porten inn til føregarden.
16
Alle omhenga kring føregarden var av fint, tvinna lingarn.
17
Fotstykka til stolpane var av bronse, hakane og stengene til dei var av sølv, og stolpehovuda var kledde med sølv. Alle stolpane i føregarden var bundne i hop med sølvstenger.
18
Teppet til føregardsporten var av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn, vove i mange leter. Det var tjue alner langt og fem alner høgt etter breidda på veven, liksom omhenga kring føregarden.
19
Til forhenget var det fire stolpar med fotstykke av bronse. Hakane var av sølv. Stolpehovuda var kledde med sølv, og stengene som høyrde til, var av sølv.
20
Alle pluggane til teltet og føregarden, heilt rundt, var av bronse.
21
Her er rekneskapen for heilagdomen, bustaden åt lova. Moses baud levittane setja han opp, og Itamar, son til Aron, presten, hadde tilsyn med arbeidet.
22
Besalel, son til Uri Hursson, av Juda-ætta, hadde gjort alt det som Herren hadde sagt til Moses,
23
og saman med han Oholiab, son til Akisamak, av Dans-ætta, som var ein meister i utskjering, kunstvevnad og mangleta vevnad med fiolett, purpurraudt og karmosinraudt ullgarn og fint lingarn.
24
Alt gullet som vart bruka til arbeidet med å gjera heilagdomen ferdig, og som var gjeve i offergåve, var 29 talentar og 730 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen.
25
Og sølvet som kom inn då dei heldt manntal over lyden, var 100 talentar og 1 775 sekel etter heilag vekt,
26
ein beka eller ein halv sekel etter heilag vekt for kvar einskild som kom med i manntalet, frå tjueårsalderen og oppetter, og det var 603 550 mann.
27
Dei hundre talentane med sølv vart bruka til å støypa fotstykka til heilagdomen og til forhenget, hundre talentar til hundre fotstykke, ein talent til kvart fotstykke.
28
Og dei 1 775 sekel bruka dei til hakane på stolpane, til å kle stolpehovuda og til stengene som skulle binda stolpane i hop.
29
Bronsen som vart gjeven i offergåve, var 70 talentar og 2 400 sekel.
30
Av den laga dei fotstykka til møteteltdøra og bronsealtaret med bronsegitteret som høyrde til, og alle reiskapane til altaret,
31
fotstykka som skulle vera kring føregarden, føregardsporten, alle pluggane til teltet og alle pluggane til føregarden, heilt rundt.
← Chapter 37
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 39 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40