bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Exodus 24
Exodus 24
Norwegian N 78 NN
← Chapter 23
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 25 →
1
Gud sa til Moses: «Stig opp til Herren, du og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel! Og bøy dykk til jorda og tilbed, medan de enno er langt borte!
2
Berre Moses skal gå fram til Herren. Dei andre må ikkje gå fram, og folket får ikkje stiga opp saman med han.»
3
Då Moses kom og bar fram for folket alle Herrens bod og alle lovene, svara dei samrøystes: «Alle dei bod Herren har gjeve oss, vil vi halda.»
4
Så skreiv Moses opp alle dei orda Herren hadde tala. Morgonen etter stod han tidleg opp og bygde eit altar tett attmed fjellet og reiste tolv minnesteinar for dei tolv Israels-ættene.
5
Sidan sende han ut nokre unge israelittar. Dei bar fram brennoffer og slakta oksar til måltidsoffer for Herren.
6
Moses tok halvparten av blodet og hadde det i skålene; den andre halvparten skvette han på altaret.
7
Så tok han paktboka og las opp for folket, og dei sa: «Vi vil vera lydige og gjera alt det Herren har sagt.»
8
Då tok Moses blodet, skvette det på folket og sa: «Sjå, dette er blodet til den pakta som Herren gjer med dykk, og som er grunna på alle desse orda.»
9
Så gjekk dei opp på fjellet, Moses og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel.
10
Og dei såg Israels Gud. Under føtene hans var det som eit golv av safirheller, klåre som himmelen sjølv.
11
Men han lyfte ikkje handa mot Israels gjævaste menn. Dei skoda Gud, og dei åt og drakk.
12
Sidan sa Herren til Moses: «Kom opp på fjellet til meg og ver her ei stund, så skal eg gje deg steintavlene med lova og boda, som eg har skrive opp til rettleiing for folket!»
13
Då gjekk Moses i veg med Josva, tenaren sin. Og Moses steig opp på Guds-fjellet.
14
Han sa til dei eldste: «Ver her og venta på oss til vi kjem att! Her er Aron og Hur; dei skal vera hjå dykk. Er det nokon som har ei sak, kan han gå til dei.»
15
Så steig Moses opp på fjellet. Då la skya seg tett ikring nuten,
16
og Herrens herlegdom kom ned og heldt seg på Sinai-fjellet. Skya gøymde fjellet i seks dagar. Den sjuande dagen ropa Herren på Moses ut or skya.
17
Herrens herlegdom var å sjå til for israelittane som ein øydande eld på fjelltoppen.
18
Så gjekk Moses inn i skya og steig opp på fjellet, og han var på fjellet i førti dagar og førti netter.
← Chapter 23
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 25 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40