bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Hosea 10
Hosea 10
Norwegian N 78 NN
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 11 →
1
Israel var eit frodig ¬vintre, som bar mykje frukt. Di meir frukt det bar, di fleire altar bygde dei. Di betre det gjekk deira land, di fagrare steinstøtter laga dei.
2
Hjarta deira er falskt, no skal dei få bøta. Herren skal bryta ned ¬deira altar og øydeleggja ¬deira steinstøtter.
3
Ja, no må dei seia: «Vi har ingen konge, for vi har ikkje hatt age ¬for Herren. Og kongen, ¬kva kan han gjera for oss?»
4
Dei har tala tome ord, svore falskt og gjort pakt. Domen renn opp ¬som giftige planter i åkerfòrene.
5
Dei som bur i Samaria, er redde for kalven ¬i Bet-Aven. Folket syrgjer over han, og prestane hans klagar, for hans herlegdom ¬er ført bort frå dei.
6
Kalven òg skal førast til Assyria som ei gåve til storkongen. Skam skal Efraim få, Israel skal verta til skammar på grunn av sine planar.
7
Kongen i Samaria skal kverva som ei treflis på vatnet.
8
Øydast skal Avens ¬offerhaugar, der israelittane synda. Torn og tistel skal veksa oppetter altara deira. Dei skal seia til fjella: ¬Gøym oss! og til haugane: Fall over oss!
9
Du har synda, Israel, ¬frå Gibeas dagar. Den gongen gjorde dei opprør. Skal då ikkje krigen ¬nå dei i Gibea? Eg vil koma ¬over ugjerningsmennene,
10
etter min hug vil eg tukta dei. Folkeslag skal samla seg ¬mot dei når dei vert tukta ¬for si doble skuld.
11
Efraim var lik ei tamd kvige som gjerne ville treskja. Men eg la åk ¬på hennar fagre hals. Eg spente Efraim føre, Juda pløgde, og Jakob horva.
12
Så rettferds sæde, og hausta truskaps frukt, bryt dykk nybrot! For no er det tid ¬til å søkja Herren, før han kjem og lèt rettferd regna over dykk.
13
De har pløgt ned vondskap ¬og hausta urett, og den frukta de et, er lygn. For du sette lit til di ferd og til alle dine krigarar.
14
Difor skal det reisa seg stridsgny i ditt folk, og alle dine borger ¬skal øydeleggjast, liksom Sjalman ¬øydela Bet-Arbel på stridens dag, ¬då mor og born vart knuste.
15
Såleis vil eg gjera med dykk ¬i Betel fordi dykkar vondskap er stor. Når det ljosnar av dag, er det ute, ja ute ¬med Israels konge.
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 11 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14