bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Hosea 14
Hosea 14
Norwegian N 78 NN
← Chapter 13
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
1
Samaria skal bøta, fordi folket i byen ¬var trassig mot sin Gud. Dei skal falla for sverd, deira småborn skal knusast, og kvinnene som ventar barn, skal skjerast opp.
2
Vend om, Israel, ¬til Herren din Gud, for synda di har ført deg til fall.
3
Kom med dei rette ord, vend om til Herren og sei: «Tilgjev all vår skuld, og ta imot vår gode gåve, så gjev vi deg lovsong ¬med våre lipper!
4
Assur kan ikkje hjelpa oss. Vi vil ikkje ri på hestar og ikkje lenger seia: Vår gud! til det våre hender har gjort. Hjå deg finn den farlause ¬miskunn.»
5
Eg vil lækja deira fråfall, og eg vil elska dei av hjarta, for vreiden min har vendt seg ¬frå dei.
6
Eg vil vera som dogg for Israel; han skal bløma som ei lilje og røta seg som trea ¬på Libanon.
7
Hans renningar ¬skal breia seg utover, han skal vera fager ¬som oliventreet og anga som skogen ¬på Libanon.
8
Atter skal dei bu ¬i min skugge, endå ein gong ¬skal dei dyrka korn. Dei skal bløma som eit vintre, få ry som vinen frå ¬Libanon.
9
Kva skal Efraim ¬med avgudar meir? Eg vil bønhøyra han ¬og sjå til han. Eg er som ein grøn sypress, frå meg skal frukta di koma.
10
Kven er så klok ¬at han skjønar dette, så vitug ¬at han merkar seg det? Ja, Herrens vegar er rette, dei rettferdige ferdast ¬på dei, men illgjerdsmennene ¬snåvar.
← Chapter 13
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14