bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Hosea 5
Hosea 5
Norwegian N 78 NN
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 6 →
1
Høyr dette, de prestar, lyd etter, du Israels ætt! Kongehus, vend øyra til! For de har ansvar for retten, men de har vorte ¬ei snare for Mispa, eit utspent nett på Tabor
2
og ei djup fallgrav i Sjittim. Men eg vil tukta dei alle.
3
Eg kjenner Efraim, og Israel er ikkje løynd for meg. For no har du drive utukt, ¬Efraim, Israel har gjort seg urein.
4
Deira gjerningar hindrar dei i å venda om til sin Gud. For dei har ei utuktsånd ¬i hjarta og kjenner ikkje Herren.
5
Israels byrgskap vitnar ¬mot han sjølv, Israel og Efraim skal snåva ¬i si synd, og Juda skal snåva med dei.
6
Når dei kjem ¬med sitt småfe og storfe, og søkjer Herren, finn dei han ikkje; han har vendt seg bort frå dei.
7
Dei har vore trulause ¬mot Herren, for dei har fått uekte born. No skal nymånen gjera ende både på dei og jorda deira.
8
Lat hornet gjalla i Gibea, blås i trompet i Rama, lyft hærrop, Bet-Aven! Dei er etter deg, Benjamin!
9
Efraim skal verta ei øydemark den dagen straffa kjem. Mellom Israels ætter ¬har eg kunngjort det som visseleg skal henda.
10
Juda-hovdingane har vorte lik folk som flytter ¬merkesteinar. Over dei vil eg ausa ut min harme liksom vatn.
11
Efraim er trælka, retten er trakka under fot; for folket gav seg til å fylgja det som ingenting er.
12
Eg er som verkjesår for Efraim, som ròtenskap for Juda-ætta.
13
Då Efraim såg sjukdomen sin, og Juda merka såret sitt, gjekk Efraim til Assur og sende bod til storkongen. Men han kan ikkje ¬gjera dykk friske og ikkje lækja dykkar sår.
14
Sanneleg, eg er som ei løve ¬mot Efraim, som ei ungløve mot Juda-ætta. Ja, eg riv sund og går min veg, eg slepar bort, og ingen bergar.
15
Eg går min veg attende til min stad til dess dei vedkjennest ¬si skuld og søkjer mitt åsyn. I si naud skal dei leita ¬etter meg.
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 6 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14