bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Micah 1
Micah 1
Norwegian N 78 NN
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 2 →
1
Dette er Herrens ord som kom til Mika frå Moresjet på den tid då Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda, dei syner han fekk om Samaria og Jerusalem.
2
Høyr, alle de folkeslag! Lyd etter, du jord ¬og alt som på deg er! Herren Gud skal vitna ¬mot dykk, vitna frå sitt heilage tempel.
3
Sjå, Herren går ut ¬frå sin bustad, stig ned og skrid fram ¬over høgdene på jorda.
4
Fjella brånar under han, og dalane rivnar, som voks når det brånar i eld, som vatn når det renn ¬utfor stup.
5
Alt dette hender fordi Jakob har falle frå, fordi Israel har synda. Kva er så Jakobs fråfall? Er det ikkje Samaria? Og kva er Judas synd? Er det ikkje Jerusalem?
6
Men eg skal gjera Samaria ¬til ei steinrøys og marka i byen ¬til vingardsjord. Eg velter steinane ned i dalen og legg ¬byens grunnvollar berre.
7
Alle gudebileta der ¬skal knusast og horegåvene brennast i eld, avgudsbileta gjer eg til inkjes. Med horeløn er dei samla, og til horeløn skal dei verta.
8
Difor må eg klaga og jamra, gå berrføtt og naken ikring, klaga som sjakalen og jamra som strutsen.
9
For Juda har fått eit slag, og såret er ulækjande. Det har nått til porten ¬åt mitt folk, heilt til Jerusalem.
10
Fortel ikkje dette i Gat! Hald opp med gråt og skrik! Velt dykk i støvet i Bet-Leafra!
11
Far nakne og vanæra bort, de som bur i Sjafir! Folket i Sa’anan vågar seg ikkje ut. Klageropa i Bet-Haesel riv grunnen bort under dykk.
12
Korleis kan folket i Marot venta seg noko godt, når ulukke frå Herren slår ned ved Jerusalems port?
13
Spenn hestane for vogna, de Lakisj-buar! De vart opphav til Sions synd. Hjå dykk er Israels fråfall ¬å finna.
14
Lat Moresjet-Gat få ¬avskilsgåve! Som ein sviktande bekk er husa i Aksib ¬for Israels kongar.
15
Endå ein gong ¬sender eg mot dykk, de Maresja-buar, ein som skal leggja dykk ¬under seg. Han kjem til Adullam, ¬Israels prydnad.
16
Klypp deg snau, rak håret av i sorg over borna dine! Gjer hovudet snautt ¬som eit gribbehovud, for dei er førte bort ifrå deg!
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 2 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7