bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Micah 4
Micah 4
Norwegian N 78 NN
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 5 →
1
I dei siste dagar ¬skal det henda at Herrens tempelberg skal stå grunnfest høgt over alle fjell og lyfta seg opp ¬over alle haugar. Dit skal folkeslag strøyma.
2
Mange folk skal gå av stad ¬og seia: «Kom, lat oss fara opp ¬til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, så han kan læra oss sine vegar, og vi kan ferdast ¬på hans stigar! For frå Sion skal lovlære gå ut, og Herrens ord frå Jerusalem.»
3
Han skal døma ¬mellom mange folk, skifta rett for mektige folkeslag ¬langt borte. Då skal dei smida sverda sine om til plogjern og spyda sine ¬til vingardsknivar. Folk skal ikkje meir lyfta sverd ¬mot folk og ikkje lenger læra å føra krig.
4
Men alle skal sitja trygt, kvar under sitt vintre ¬og sitt fikentre, og ingen skal skræma dei. For Herren, Allhærs Gud, ¬har tala.
5
Alle folka ferdast, kvart i sin guds namn; men vi skal evig og alltid ferdast i Herren ¬vår Guds namn.
6
Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren, vil eg samla inn dei haltande, kalla saman dei bortdrivne og dei eg har fare ille med.
7
Dei haltande gjer eg ¬til ein rest, dei bortdrivne ¬til eit mektig folk, og Herren skal vera konge ¬over dei på Sion frå no og til evig tid.
8
Du Sions gjætartårn ¬og vakthaug, til deg skal det ein gong koma, det herrevelde du hadde før, kongemakta i Jerusalem.
9
Men no, kvifor skrik du så sårt? Er det ingen konge hjå deg? Er han som rår over deg, ¬komen bort sidan du vrid deg ¬som i fødselsrier?
10
Skrik og vrid deg, Sions dotter, som ei fødande kvinne, for no lyt du bort frå byen og bu i villmarka. Du skal koma til Babel, men der vert du berga. Der vil Herren løysa deg ut or handa på fiendane dine.
11
No har mange folkeslag ¬samla seg mot deg. Dei seier: «Sion er vanæra, vi ser på henne med lyst.»
12
Men dei kjenner ikkje ¬Herrens tankar og skjønar ikkje hans plan: å samla dei ¬som korn på treskjevollen.
13
Stå opp og tresk, ¬du Sions dotter, for eg vil gje deg horn ¬av jern og klauver av kopar. Du skal knusa mange folk og vigsla deira hærfang ¬til Herren, deira gods til han som er herre over all jorda.
14
No risp deg opp, ¬du kringsette dotter! Dei har kasta opp ein voll ¬imot oss. Med stav slår dei ¬Israels herre på kinnet.
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 5 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7