bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Micah 3
Micah 3
Norwegian N 78 NN
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 4 →
1
Eg sa: Høyr, de Jakobs hovdingar, de styresmenn i Israel! Skulle ikkje de vita kva som er lov og rett?
2
Men de hatar det gode og elskar det vonde. De flår skinnet av folk og riv kjøtet av knokane.
3
Dei et kjøtet av folket mitt, flår skinnet av ¬og knuser beina deira. Dei breier det ut som i ei gryte, som kjøtet i ein kjel.
4
Når dei så ropar til Herren, svarar han ikkje. Han løyner sitt åsyn for dei for deira vonde åtferd skuld.
5
Så seier Herren ¬om dei profetane som fører folket mitt vilt, som forkynner fred og lukke berre dei får noko å tyggja på, men lyser heilag krig mot dei som ikkje gjev dei ¬munnen full:
6
Difor skal det koma over dykk ei natt utan syner og mørker utan spådom. Sola skal gå ned for profetane og dagen svartna ikring dei.
7
Då skal sjåarane ¬verta til skammar, spåmennene stå der ¬med vanære. Dei skal løyna skjegget, ¬alle saman, for det kjem ikkje svar ¬ifrå Gud.
8
Men eg, eg er full av styrke, av Herrens Ande, ¬av rett og kraft, så eg kan tala til Jakob ¬om hans brot, til Israel om hans synd.
9
Høyr dette, ¬de hovdingar i Jakobs ætt, de styresmenn i Israel, de som styggjest ved rettferd og krøkjer det som er rett,
10
som byggjer Sion ¬med bloddåd og Jerusalem med urett!
11
Der dømer hovdingen ¬for betaling, presten tek løn for å læra, og profeten spår for pengar. Likevel stør dei seg til Herren ¬og seier: «Er ikkje Herren ¬midt imellom oss? Det hender ikkje oss ¬noko vondt.»
12
Difor skal Sion ¬– for dykkar skuld – pløyast som ein åker. Jerusalem skal verta ¬ei steinrøys og tempelberget ¬ein skogkledd ås.
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 4 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7