bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
1 Samuel 11
1 Samuel 11
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 12 →
1
Ein månad etter}} gjorde ammonitten Nahasj ei hærferd og kringsette Jabesj i Gilead. Og alle i Jabesj sa til han: «Gjer ei pakt med oss, så skal vi gje oss under deg.»
2
Men ammonitten Nahasj svara: «Eg skal gjera ei pakt med dykk på den måten at eg stikk ut høgre auget på dykk alle, til vanære for heile Israel.»
3
Då sa dei eldste i Jabesj til han: «Gjev oss ein frist på sju dagar så vi kan senda bod rundt om i heile Israel. Er det då ingen som hjelper oss, skal vi gje oss over til deg.»
4
Då sendeboda kom til Sauls Gibea, bar dei ærendet sitt fram for folket, og heile folket brast i gråt.
5
I same stunda kom Saul frå åkeren med oksane sine, og han spurde: «Kva er i vegen med folket sidan dei græt?» Dei fortalde han kva mennene frå Jabesj hadde sagt.
6
Då Saul høyrde det, kom Guds ande over han, og han vart brennande harm.
7
Han tok eit spann oksar og skar dei opp i stykke som han sende rundt i heile Israel med denne bodskapen: «Slik skal det gjerast med oksane til den som ikkje dreg ut med Saul og Samuel.» Då kom ei redsle for HERREN over folket, og dei drog ut, alle som ein.
8
Saul mønstra dei i Besek; det var 300 000 israelittar og 30 000 judearar.
9
Dei sa til bodberarane som var komne: «Sei til mennene i Jabesj i Gilead: I morgon når sola tek til å brenna heitt, skal det koma hjelp til dykk.» Då bodberarane kom og melde dette til mennene i Jabesj, vart dei glade.
10
Dei sa: «I morgon skal vi gje oss over til dykk, så kan de gjera med oss som de finn for godt.»
11
Dagen etter delte Saul folket i tre avdelingar, og i morgonvakta braut dei inn i leiren. Då dagen var på det heitaste, hadde dei slege ammonittane. Dei som overlevde, vart spreidde. Det var ikkje att to mann på same staden.
12
Folket sa til Samuel: «Kven var det som sa: Skal Saul vera konge over oss? Lat oss få tak i dei mennene og drepa dei!»
13
Men Saul sa: «På denne dagen skal ingen drepast, for i dag har HERREN gjeve Israel siger.»
14
Samuel sa til folket: «Kom, lat oss fara til Gilgal og stadfesta kongedømet der.»
15
Då drog heile folket til Gilgal, og der gjorde dei Saul til konge for HERRENS andlet. Dei ofra fredsoffer til HERREN, og Saul og alle israelittane gledde seg stort.
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 12 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31