bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
1 Samuel 29
1 Samuel 29
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 28
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 30 →
1
Filistrane samla alle hærane sine ved Afek, medan israelittane slo leir ved kjelda i Jisreel.
2
Filistarhovdingane drog fram i spissen for avdelingar på hundre og tusen mann. Sist kom David og mennene hans saman med Akisj.
3
Då sa feltherrane til filistrane: «Kva skal desse hebrearane her?» Akisj svara dei: «Er ikkje dette David, ein av mennene til Saul, Israels-kongen, han som har vore hos meg i over eitt år? Frå den dagen han gjekk over til meg og til no har eg ikkje funne noko å utsetja på han.»
4
Men feltherrane vart arge på han og sa til han: «Send mannen bort! Han kan dra tilbake til den staden du har gjeve han. Han skal ikkje vera med oss i krigen, for han kunne venda seg mot oss midt i slaget. Korleis skulle han lettare vinna att godviljen hos herren sin enn om han kom med hovuda av mennene våre?
5
Er ikkje dette David, han som kvinnene song om medan dei dansa: Saul slo i tusental, men David har slege i titusental?»
6
Akisj kalla då David til seg og sa til han: «Så sant HERREN lever, du er ein ærleg mann. Eg ser gjerne at du går inn og ut hos meg i leiren, for eg har ikkje funne noko vondt hos deg frå den dagen du kom til meg og til no. Men hovdingane lit ikkje på deg.
7
Dra no heim i fred, så du ikkje gjer noko som filistarhovdingane mislikar.»
8
David sa til Akisj: «Kva gale har eg gjort? Har du hatt noko å utsetja på tenaren din frå den dagen eg kom i di teneste og til no, sidan eg ikkje får vera med og kjempa mot fiendane dine, herre konge?»
9
Akisj svara David: «I mine auge er du god, som ein engel frå Gud. Men feltherrane til filistrane seier at dei ikkje vil ha deg med i krigen.
10
Stå tidleg opp i morgon, både du og dei mennene til herren din som har følgt deg hit. Gjer dykk ferdige og dra av stad så snart det lysnar.»
11
Morgonen etter stod David og mennene hans tidleg opp og fór attende til filistarlandet. Men filistrane drog opp til Jisreel.
← Chapter 28
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 30 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31