bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
1 Samuel 31
1 Samuel 31
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 30
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
1
Filistrane førte krig mot Israel. Då flykta israelittane for dei, og det låg mange falne på Gilboa-fjellet.
2
Filistrane var like i hælane på Saul og sønene hans, og dei felte Jonatan, Abinadab og Malkisjua, sønene til Saul.
3
Saul var hardt pressa i kampen. Bogeskyttarane kom over han, og han skalv av redsle for dei.
4
Då sa Saul til våpenberaren sin: «Dra sverdet og støyt det gjennom meg, så ikkje desse uomskorne skal koma og stikka meg ned og fara ille med meg.» Men våpenberaren ville ikkje; han var for redd. Då tok Saul sjølv sverdet og styrta seg mot det.
5
Då våpenberaren såg at Saul var død, styrta han seg mot sverdet sitt og følgde Saul i døden.
6
Den dagen fall Saul og dei tre sønene hans, våpenberaren og alle Sauls menn.
7
Då dei israelittane som budde på den andre sida av dalen og av Jordan, såg at Israels soldatar hadde flykta, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut frå byane sine og flykta. Og filistrane kom og slo seg ned der.
8
Dagen etter kom filistrane og ville plyndra dei døde. Då fann dei Saul og dei tre sønene hans som låg falne på Gilboa-fjellet.
9
Dei hogg hovudet av Saul og tok våpna hans. Så sende dei bod rundt om i filistarlandet for å ropa ut sigersbodskapen for folket og ved templa der gudebileta stod.
10
Våpna hans la dei ned i Astarte-tempelet, og kroppen hengde dei opp på muren i Bet-Sjean.
11
Då innbyggjarane i Jabesj i Gilead fekk høyra kva filistrane hadde gjort med Saul,
12
braut alle våpenføre menn opp og gjekk heile natta. Dei tok kroppane til Saul og sønene hans ned frå muren i Bet-Sjean. Då dei kom til Jabesj, brende dei kroppane der.
13
Dei tok knoklane deira og gravla dei under tamarisken i Jabesj. Så fasta dei i sju dagar.
← Chapter 30
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31