bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Amos 3
Amos 3
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 4 →
1
Høyr dette ordet som HERREN talar mot dykk, de israelittar, mot heile den slekta eg førte opp frå Egypt:
2
Berre dykk ville eg kjennast ved mellom alle slektene på jorda. Difor vil eg straffa dykk for alle syndene dykkar.
3
Går vel to i lag utan å ha ein avtale?
4
Brøler vel løva i skogen utan å ha eit bytte? Knurrar ungløva i hòla utan å ha fanga noko?
5
Fell vel fuglen til jorda utan at ei felle er sett opp? Sprett snara frå marka utan at ho har fanga noko?
6
Gjallar hornet i byen utan at folket skjelv? Skjer det ei ulukke i byen utan at HERREN har gjort det?
7
Nei, Herren GUD gjer ikkje noko utan å openberra sitt løynde råd for tenarane sine, profetane.
8
Løva brøler — kven blir ikkje redd? Herren GUD talar — kven blir ikkje profet?
9
Lat det høyrast over borgene i Asjdod og over borgene i Egypt, og sei: Kom saman på fjella kring Samaria! Sjå den store forvirringa hos henne og undertrykkinga i byen!
10
Dei veit ikkje å gjera det rette, seier HERREN. Dei dyngjer opp vald og ran i borgene sine.
11
Difor seier Herren GUD: Fienden skal omringa landet, riva ned festninga di, borgene skal plyndrast.
12
Så seier HERREN: Som gjetaren bergar to leggbein eller ein øyreflipp frå løvegapet, slik skal israelittane bergast, dei som sit i sofahjørne i Samaria og på divanar i Damaskus.
13
Høyr og ver vitne mot Jakobs hus! seier Herren GUD, allhærs Gud.
14
Ja, den dagen eg straffar Israel for syndene deira, lèt eg straffa råka altara i Betel. Altarhorna blir hogne av og fell til jorda.
15
Då knuser eg både vinterhus og sommarhus. Elfenbeinshus skal gå til grunne og store bygningar siga i røys, seier HERREN.
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 4 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9