bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Amos 7
Amos 7
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 8 →
1
Dette viste Herren GUD meg: Sjå, han skapte grashopper då graset tok til å veksa etter slåtten. Sjå, det var etterveksten etter kongens slåttonn.
2
Då dei hadde ete opp alt graset i landet, sa eg: «Tilgjev, Herre GUD! Korleis kan Jakob stå seg, så liten som han er?»
3
Då angra HERREN på dette. «Det skal ikkje skje», sa HERREN.
4
Dette viste Herren GUD meg: Sjå, Herren GUD kalla elden til strid. Han slukte det store djupet og heldt på å eta opp åkrane.
5
Då sa eg: «Hald opp, Herre GUD! Korleis kan Jakob stå seg, så liten som han er?»
6
Då angra HERREN på dette. «Heller ikkje det skal skje», sa Herren GUD.
7
Dette viste han meg: Sjå, Herren stod på ein loddrett mur, i handa hadde han eit blylodd.
8
HERREN sa til meg: «Kva ser du, Amos?» Eg svara: «Eit blylodd.» Då sa Herren: «Sjå, eg senkar loddet midt i Israel, folket mitt. Eg vil ikkje lenger ha tol med det.
9
Isaks offerhaugar skal øydast og Israels heilagdomar siga i røys. Eg vil reisa meg med sverd mot Jeroboams hus.»
10
Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, kongen i Israel: Amos har fått i stand ei samansverjing mot deg midt i Israels hus. Landet kan ikkje tola alle orda hans.
11
For Amos seier: «Jeroboam skal døy for sverd, og Israel skal drivast i eksil, bort frå landet sitt.»
12
Sidan sa Amasja til Amos: Du sjåar, gå din veg, kom deg av stad til Juda! Der kan du eta ditt brød, der kan du profetera.
13
I Betel får du ikkje lenger profetera, for det er ein kongeleg heilagdom, eit rikstempel.
14
Då tok Amos til ords og sa til Amasja: Ikkje er eg profet og ikkje profetlæresvein. Eg held husdyr og dyrkar fiken.
15
Men HERREN tok meg bort frå saueflokken, og HERREN sa til meg: «Gå og tal profetord til Israel, folket mitt!»
16
Høyr no HERRENS ord: Du seier: «Ikkje tal profetord mot Israel, ikkje spå mot Isaks hus!»
17
Difor seier HERREN: «Kona di skal vera hore i byen, sønene og døtrene dine skal falla for sverd. Jorda di skal delast med målesnor, du sjølv skal døy på urein jord, og Israel skal drivast i eksil frå landet sitt.»
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 8 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9