bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Amos 6
Amos 6
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 7 →
1
Ve dei sorglause på Sion og dei trygge på Samarias fjell, dei gjævaste av det fremste folkeslaget, dei som Israels hus vender seg til.
2
Far til Kalne og sjå, gå derifrå til Hamat-Rabba og far ned til Gat i Filistarland! Er de betre enn desse rika? Har dei eit større område enn de?
3
De vil jaga ulukkedagen bort, men set vald i høgsetet.
4
Dei ligg på elfenbeinsbenker og strekkjer seg på divanar, dei et lam frå saueflokken og gjøkalvar frå buskapen.
5
Dei skrålar til harpespel som var dei David, og reknar instrumenta hans som sine.
6
Dei drikk vin av offerskåler og salvar seg med den finaste olje, men lid ikkje under Josefs samanbrot.
7
Difor skal dei no drivast i eksil, fremst mellom dei bortførte. Då blir det slutt på festsamlingane der dei ligg og dreg seg.
8
Herren GUD har svore ved seg sjølv, seier HERREN, allhærs Gud: Eg avskyr Jakobs byrgskap og hatar borgene der. Eg utleverer byen og alt som er i han.
9
Er det ti overlevande i eit hus, skal dei døy.
10
Når ein ven eller slektning ber knoklane ut or huset, spør han den som er inst i huset: «Er det fleire att hos deg?» Og han svarar: «Nei, ingen.» Då seier han: «Hysj!» for HERRENS namn må ikkje nemnast.
11
Sjå, HERREN byd, og han slår det store huset i knas og det vesle huset i bitar.
12
Spring vel hestar opp bratte fjellet, pløyer ein det med oksar? Men de gjer retten om til gift og rettferds frukt til malurt.
13
De gleder dykk over Lo-Dabar og seier: «Sanneleg. Det var med eiga kraft vi tok Karnajim.»
14
Sjå, no reiser eg eit folk mot deg, Israels hus, seier HERREN, allhærs Gud. Dei skal undertrykkja dykk frå Lebo-Hamat til Araba-bekken.
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 7 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9