bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Hosea 10
Hosea 10
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 11 →
1
Israel var ein frodig vinstokk som bar mykje frukt. Jo meir frukt, dess fleire altar. Jo betre land, dess betre steinstøtter.
2
Sleipt er hjartet deira, no må dei ta på seg skulda. Han skal bryta ned altara deira og slå sund steinstøttene.
3
No må dei seia: «Vi har ingen konge, for vi har ikkje frykta HERREN. Og kongen, kva kan han gjera for oss?»
4
Dei har tala tomme ord, svore falskt og gjort pakter. Retten blømer som giftplanter i plogfòrene.
5
Dei som bur i Samaria, er redde kalven i Bet-Aven. Folket hans sørgjer over han, og avgudsprestane klagar, for hans herlegdom er bortført.
6
Han skal òg førast til Assur som gåve til storkongen. Skam skal Efraim få, Israel skal bli til skamme på grunn av planane sine.
7
Samaria skal gå til grunne, kongen skal bli som ein kvist på vatnet.
8
Avens offerhaugar skal utslettast, Israels synd. Torn og tistel skal veksa opp over altara deira. Dei skal seia til fjella: Løyn oss! og til haugane: Fall over oss!
9
Frå Gibeas dagar har du synda, Israel. Der har dei vorte ståande. Skulle ikkje krigen nå dei i Gibea? Eg vil koma over ugjerningsmennene
10
for å tukta dei. Folkeslag skal samla seg mot dei når dei blir tukta for si doble skuld.
11
Efraim var ei tamd kvige som gjerne ville treskja, og eg sparte den vakre nakken hennar. No vil eg spenna Efraim for, Juda skal pløya og Jakob harva.
12
Så med rettferd, haust med kjærleik, bryt dykk nybrot! For no er det tid for å søkja HERREN, inntil han kjem og lèt rettferd regna over dykk.
13
De har pløgd ned urett og hausta vondskap og ete frukta av løgn. For du stola på din eigen veg og på alle krigarane dine.
14
Difor skal krigslarm reisa seg i folket ditt, og alle borgene dine skal øydeleggjast, slik Sjalman øydela Bet-Arbel på stridens dag, då mor og born vart knuste.
15
Slik vil eg gjera med dykk i Betel fordi vondskapen dykkar er stor. Når dagen gryr, er det ute med Israels konge.
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 11 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14