bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Hosea 14
Hosea 14
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 13
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
1
Samaria skal bøta fordi ho var trassig mot sin Gud. Dei skal falla for sverd, småborna deira skal knusast, og kvinnene som ventar barn, skal skjerast opp.
2
Vend om, Israel, til HERREN din Gud, for du har snubla i di skuld.
3
Ta ord med dykk og vend om til HERREN, sei til han: «Tilgjev all skuld og ta imot det gode, så vil vi betala med frukta av leppene våre.
4
Assur vil ikkje hjelpa oss, vi skal ikkje ri på hestar, og vi vil ikkje lenger seia: Vår gud! til det våre hender har gjort. Hos deg finn den farlause miskunn.»
5
Eg vil lækja deira fråfall, og eg vil elska dei av hjartet, for min vreide har vendt seg frå dei.
6
Eg vil vera som dogg for Israel. Han skal bløma som ei lilje og røta seg som trea på Libanon
7
og breia greinene sine utover. Han skal vera fager som oliventreet og anga som skogen på Libanon.
8
Igjen skal dei bu i hans skugge, dei skal dyrka korn og bløma som vinstokken. Hans namn skal bli som vinen frå Libanon.
9
Kva har vel Efraim med gudebilete å gjera? Det er eg som svarar han og ser til han. Eg er som ein grøn sypress, frå meg skal frukta di koma.
10
Kven er så vis at han forstår dette, forstandig nok til å skjøna det? Ja, HERRENS vegar er rette, dei rettferdige vandrar på dei, men syndarane snublar.
← Chapter 13
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14