bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Hosea 11
Hosea 11
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 12 →
1
Då Israel var ung, fekk eg han kjær, frå Egypt kalla eg son min.
2
Men jo meir eg ropa på dei, dess meir gjekk dei bort frå meg. Dei ofra til Baal-gudane, tende offereld for gudebilete.
3
Det var eg som lærte Efraim å gå og tok dei på armen. Men dei skjøna ikkje at eg gjorde dei friske.
4
Eg drog dei med menneskeband, med kjærleiks tau. Eg var lik ein som lyfter eit spedbarn opp til kinnet, eg bøygde meg ned og gav dei mat.
5
Dei skal ikkje venda attende til Egypt, men Assur skal vera kongen deira, for dei nekta å venda om.
6
Sverdet skal rasa i byane deira, bryta sund bommane og eta om seg for deira planar skuld.
7
Folket mitt heng fast ved sitt fråfall frå meg. Dei ropar saman til han som er i det høge, men han reiser dei ikkje opp.
8
Korleis kan eg oppgje deg, Efraim, overgje deg, Israel? Korleis kan eg oppgje deg som Adma, gjera med deg som med Sebojim? Hjartet vender seg i meg, all mi medkjensle vaknar.
9
Eg vil ikkje følgja min brennande vreide, ikkje øydeleggja Efraim ein gong til. For eg er Gud og ikkje eit menneske, heilag midt imellom dykk. Eg vil ikkje koma med redsle.
10
HERREN skal dei følgja, som ei løve skal han brøla. Når han brøler, skal borna hans koma skjelvande frå vest.
11
Skjelvande skal dei koma som ein fugl frå Egypt, som ei due frå Assur. Eg vil la dei bu i husa sine, seier HERREN.
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 12 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14