bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Zechariah 13
Zechariah 13
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 14 →
1
Den dagen skal det vera ei open kjelde for Davids hus og for dei som bur i Jerusalem, til å reinsa bort synd og ureinskap.
2
Den dagen, seier HERREN over hærskarane, slettar eg ut namna på avgudane frå landet, så dei aldri skal minnast meir. Jamvel profetane og den ureine ånda vil eg få bort frå landet.
3
Om nokon framleis talar profetisk, skal far og mor hans, som sette han til verda, seia til han: «Du får ikkje leva, for du har tala løgn i HERRENS namn.» Og far og mor hans, som sette han til verda, skal stikka han ned fordi han har tala profetisk.
4
Den dagen skal kvar profet skjemmast over syna sine når han profeterer, og han skal ikkje kle seg i lòden kappe for å lyga.
5
Han skal seia: «Eg er ikkje profet, eg er jorddyrkar, frå ungdomen av har eg dyrka jorda.»
6
Spør nokon han: «Kva er det for sår du har på kroppen?» kjem han til å svara: «Eg vart skadd i huset til venene mine.»
7
Sverd, vakna mot gjetaren min, mot mannen som står meg nær, seier HERREN over hærskarane. Slå gjetaren så sauene spreiest! Eg lyfter handa mot dei minste.
8
Det skal skje i heile landet, seier HERREN, at to tredjedelar skal ryddast ut og døy, men ein tredjedel skal bli att.
9
Den tredjedelen fører eg gjennom eld, eg reinsar han som ein reinsar sølv, eg prøver han som ein prøver gull. Dei skal kalla på mitt namn, og eg skal svara dei. Eg skal seia: «Dei er mitt folk», og dei skal svara: «HERREN er vår Gud.»
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 14 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14