bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Zechariah 7
Zechariah 7
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 8 →
1
Det var i det fjerde styringsåret til kong Dareios. HERRENS ord kom til Sakarja på den fjerde dagen i den niande månaden, i kislev.
2
Betel hadde sendt Sareser og Regem-Melek og mennene hans for å be om velvilje for HERRENS andlet.
3
Dei skulle spørja prestane i huset til HERREN over hærskarane og profetane: «Skal eg gråta og leva fråhaldande i den femte månaden, som eg har gjort i så mange år?»
4
Då kom ordet frå HERREN over hærskarane til meg:
5
Sei til heile folket i landet og til prestane: «De har fasta og klaga i den femte og i den sjuande månaden, og det i sytti år, men var det meg de fasta for då?
6
De et og drikk, men er det ikkje for dykkar eigen del de et og drikk?»
7
Var det ikkje desse orda HERREN ropa ut gjennom dei tidlegare profetane, den gongen folk budde trygt i Jerusalem og i byane rundt omkring henne, då det budde folk i Negev og låglandet?
8
HERRENS ord kom til Sakarja:
9
Så seier HERREN over hærskarane: Døm sant og rett, vis kjærleik og miskunn mot kvarandre!
10
De skal ikkje undertrykkja enkjer og farlause, innflyttarar og fattige! De skal ikkje tenkja ut vondt mot kvarandre i hjartet.
11
Men dei nekta å lytta, snudde ryggen til i trass og gjorde øyra døve.
12
Dei gjorde hjartet hardt som flint og ville ikkje høyra på lova og orda som HERREN over hærskarane hadde sendt ved sin Ande gjennom dei tidlegare profetane. Då vart HERREN over hærskarane mektig harm.
13
Når han ropa, ville dei ikkje høyra. «Så, når dei ropar, vil heller ikkje eg høyra», sa HERREN over hærskarane.
14
«Eg vil blåsa dei bort mellom alle folkeslaga som dei ikkje kjenner. Landet skal liggja audt etter dei, ingen skal koma og gå. Slik gjorde dei det herlege landet til ei øydemark.»
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 8 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14