bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Zechariah 4
Zechariah 4
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 5 →
1
Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein blir vekt frå søvnen.
2
Han sa: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein lysestake av reint gull, med ei skål øvst oppe. Ho har sju lamper. Lampene har sju røyr til veiken, til lampene øvst oppe.
3
Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre og eitt til venstre for skåla.»
4
Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva er dette, herre?»
5
Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette er?» Eg sa: «Nei, herre.»
6
Då svara han: Dette er HERRENS ord til Serubabel: Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande, seier HERREN over hærskarane.
7
Kven er vel du, store fjell? Framfor Serubabel skal du bli til ei slette. Han skal føra fram sluttsteinen under jubelrop: «Nåde, nåde vere med han!»
8
HERRENS ord kom til meg:
9
Serubabels hender har tufta dette huset, og hendene hans skal fullføra det. Då skal du kjenna at HERREN over hærskarane har sendt meg til dykk.
10
For dei som viste forakt den dagen det tok til i det små, skal gleda seg når dei får sjå blysteinen i Serubabels hand. — Dei sju, det er HERRENS auge som fer over heile jorda.
11
Då tok eg til ords og spurde han: «Kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for lysestaken?»
12
Eg tok til ords for andre gong og spurde: «Kva tyder dei to olivenkvistene attmed dei to gullrøyra som leier den gylne oljen ned frå dei?»
13
Han sa: «Veit du ikkje kva dette er?» «Nei, herre», svara eg.
14
Då sa han: «Dette er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over heile jorda.»
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 5 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14