bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Ezekiel 29
Ezekiel 29
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 28
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 30 →
1
I det tiande året, den tolvte dagen i tiande månaden, kom Herrens ord til meg; han sagde:
2
Menneskjeson! Vend di åsyn mot Farao, kongen i Egyptarland, og spå mot honom og imot alt Egyptarland!
3
Tala og seg: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg skal finna deg, Farao, egyptarkonge, du, den store draken som ligg midt uti elvarne sine, og som segjer: «Eg eig mi elv, og sjølv hev eg gjort henne.»
4
Og eg vil setja krokar i kjakarne dine, og fiskarne i elvarne dine vil eg festa i reisti dine, so dreg eg deg upp utor elvarne dine med alle fiskarne i elvarne dine, dei som er feste i reisti dine.
5
Og eg skal kasta deg ut i øydemarki, deg og kvar ein fisk i elvarne dine. På berre marki skal du falla; du skal ikkje verta uppteken, ikkje uppsamla, dyri på jordi og fuglarne under himmelen skal få deg til mat.
6
Og alle som bur i Egyptarland, skal sanna at eg er Herren, for di at dei vart ein røyrstav åt Israels-lyden;
7
når dei grip um deg med handi, brotnar du og flengjer deim alle i herdi, og når dei styd seg på deg, ryk du i sund og fær deim alle til å sviga i lenderne.
8
Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg let sverd koma yver deg, og eg vil rydja ut or deg folk og fe.
9
Og Egyptarlandet skal verta til audn og øyda - og dei skal sanna at eg er Herren - for di han sagde: «Elvi er mi, og eg sjølv hev gjort henne.»
10
Difor, sjå, eg vil finna deg og elvarne dine, og eg vil gjera Egyptarlandet til øydemarker, ei audn lagd i øyde, frå Midgol til Syene og alt til landskilet mot Ætiopia.
11
Igjenom det skal ikkje mannefot ganga, og fefot skal ikkje ganga gjenom det, og det skal vera ubygt i fyrti år.
12
Og eg vil leggja Egyptarlandet i øyde midt ibland øydeland, og i byarne - midt ibland øydestader - skal det vera audt i fyrti år. Og eg vil spreida egyptarane millom folki og strå deim kringum i landi.
13
For so segjer Herren, Herren: Når fyrti år er lidne, vil eg samla egyptarane frå dei folkeslag som dei var spreidde.
14
Og eg vil venda Egyptarlands lagnad og føra deim attende til Patroslandet, til det landet som dei er ætta ifrå, og der skal dei vera eit vesalt kongerike.
15
Det skal vera lægre enn andre kongerike og aldri meir hevja seg yver folki, og eg vil lata deim smogna i hop, so dei ikkje skal rikja yver folki.
16
Og aldri meir skal Israels-lyden der søkja seg livd og soleis minna meg um deira misgjerning, med di dei snur seg etter deim. Og dei skal sanna at eg er Herren, Herren.
17
So hende det i det sju og tjugande året, den fyrste dagen i fyrste månaden, at Herrens ord kom til meg; han sagde:
18
Menneskjeson! Nebukadressar, Babel-kongen, hev late heren sin stræva hardt mot Tyrus; kvart eit hovud er fleinskalla, og kvar ei herd avgnura. Men løn hev han og heren hans ikkje fenge av Tyrus for alt sitt stræv imot det.
19
Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg gjev Nebukadressar, Babel-kongen, Egyptarland, og han skal taka rikdomen der og rana ranet og hertaka herfanget, og det skal vera løn åt heren hans.
20
Til løn åt honom for strævet gjev eg honom Egyptarland; for dei hev arbeidt for meg, segjer Herren, Herren.
21
Den same dagen vil eg lata eit horn veksa upp åt Israels-lyden; og du skal få lata upp din munn midt ibland deim, og dei skal sanna at eg er Herren.
← Chapter 28
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 30 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48