bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Ezekiel 4
Ezekiel 4
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 5 →
1
Og du, menneskjeson! Tak deg ein tiglstein og rita av på honom ein by, Jerusalem!
2
Og laga til umlægringsverk mot byen, og bygg åtaksmurar mot honom, og kasta upp ein voll mot honom, og slå læger mot honom, og set upp murstangarar mot honom rundt ikring.
3
Og du, tak deg so ei jarnpanna og set henne til ein jarnvegg millom deg og byen; snu deg med andlitet mot honom, so han vert kringsett, og du skal kringsetja honom: eit teikn er det åt Israels-lyden.
4
Og du, legg deg på vinstre sida og legg på henne syndeskuldi åt Israels-lyden; like mange dagar som du ligg på henne, skal du bera deira syndeskuld.
5
Og eg let syndeskulds-åri deira vera som talet på dagarne for deg, tri hundrad og nitti dagar, so lenge skal du bera syndeskuldi åt Israels-lyden.
6
Og når du hev gjort dette frå deg, skal du andre gongen leggja deg på høgre sida og bera syndeskuldi åt Juda-lyden; i fyrti dagar - ein dag for kvart år - let eg deg bera henne.
7
Og mot Jerusalem, til å kringsetja det, skal du snu deg med andlitet og med berr arm, og du skal spå imot det.
8
Og sjå, eg bind deg med tog, so du ikkje skal snu deg frå den eine sida til hi fyrr du hev gjort frå deg kringsetjingsdagarne dine.
9
Og du, tak deg kveite og bygg og baunor og linsor og hirsa og spelt, og hav det i eit trog, og laga det til brød åt deg! I like mange dagar som du ligg på sida, i tri hundrad og nitti dagar, skal du eta det.
10
Og maten din skal eta etter vegt, tjuge lodd um dag. Frå tid til tid skal du eta det.
11
Og vatn skal du drikka etter mål, ein pott. Frå tid til tid skal du drikka det.
12
Og som ei byggkake skal du eta det, og med mannsskarn til brennefang skal du steikja det for deira åsyn.
13
Og Herren sagde: «Soleis skal Israels-borni eta sitt brød ureint hjå dei folki som eg vil driva deim burt til.»
14
Og eg sagde: «Ai, ei! Herre, Herre! Sjå, aldri vart sjæli mi sulka, og noko sjølvdaudt og ihelrive hev eg aldri ete frå min ungdom alt til no, og det hev ikkje kome ureint kjøt i min munn.»
15
Og han sagde med meg: «Sjå, eg gjev deg kumøk i staden for mannsskarn, so du kann steikja brødet ditt yver den.»
16
Og han sagde med meg: «Du menneskjeson! Sjå, eg bryt sund brødstaven for Jerusalem, og dei skal eta brød etter vegt og med otte og drikka vatn etter mål og med fælske,
17
so dei skal vanta brød og vatn og verta forstøkte både ein og hin, og vanmegtast for si misgjerning.»
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 5 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48