bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Ezekiel 3
Ezekiel 3
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 4 →
1
Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Et det du finn! Et denne bokrullen, og gakk, tala til Israels-lyden!»
2
Og eg let upp min munn, og han gav meg denne bokrullen å eta.
3
Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Din buk skal du metta, og dine innvolar skal du fylla med denne bokrullen som eg gjev deg.» Og eg åt, og han var i munnen min søt som honning.
4
Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Gakk av stad til Israels hus og tala til deim med mine ord!
5
For du vert ikkje send til eit folk med ugreidt mål og tungmælt tunga, men til Israels-lyden.
6
Ikkje til mange folkeslag med ugreidt mål og tungmælt tunga, so du ikkje skynar ordi deira, i sanning, um eg sende deg til deim, so skulde dei høyra på deg.
7
Men Israels-lyden skal ikkje vilja lyda på deg, for dei vil ikkje lyda på meg. For all Israels-lyden - harde skallar og stinne hjarto hev dei.
8
Sjå, eg gjer di åsyn hard mot deira åsyn og di panna hard mot deira pannor.
9
Som demant, hardare enn stein, gjer eg di panna. Du skal ikkje ottast deim og ikkje vera forfærd framfor deira åsyn, for ei tråssug ætt er dei.»
10
Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Alle mine ord som eg talar til deg, tak deim inn i ditt hjarta og høyr deim med dine øyro!
11
Og gakk av stad til dei burtførde, til ditt folks born, og tala til deim og seg med deim: So segjer Herren, Herren - anten dei vil lyda på eller ei.»
12
Då lyfte åndi meg upp, og eg høyrde attanfor meg ein dynjande sterk ljom: «Lova vere Herrens herlegdom frå den staden der han er!»
13
likeins ljomen av dei fire livende, når vengjerne deira møttest, og ljomen av hjuli attmed deim, ein dynjande sterk ljom.
14
Åndi lyfte meg då upp og tok meg med, og eg for av stad, hugsår og uppøst i mi ånd, og Herrens hand var sterk yver meg.
15
Og eg kom til dei burtførde i Tel-Abib som budde attmed Kebarelvi, til den staden der dei budde, og der sat eg hjå deim i tri dagar, hugstolen og reint ifrå meg.
16
So hende det etter sju dagar at Herrens ord kom til meg; han sagde:
17
«Menneskjeson! Til vaktar hev eg sett deg for Israels-lyden; når du då høyrer eit ord frå min munn, skal du vara deim åt frå meg.
18
Når eg segjer til den ugudlege: «Du skal døy,» og du ikkje varar honom åt, og ikkje talar og varar den ugudlege åt for hans ugudlege veg, til frelsa for hans liv, då skal han, den ugudlege, døy for si misgjerning, men hans blod vil eg krevja av di hand.
19
Og når du varar den ugudlege, men han vender ikkje um frå si gudløysa og frå sin ugudlege veg, då skal han døy for si misgjerning, men du hev berga di sjæl.
20
Og når ein rettferdig vender seg frå si rettferd og gjer urett, so vil eg leggja støyt framfor hans åsyn; - han skal døy. Um du ikkje hev vara honom åt, skal han døy i si synd, og den rettferdi som han gjorde, skal ikkje verta ansa, men hans blod vil eg krevja av di hand.
21
Men um du hev vara den rettferdige, at rettferdig mann skal ikkje synda, og han då ikkje syndar, då skal han liva, sidan han let seg vara, og du hev berga di sjæl.»
22
Og Herrens hand kom der yver meg, og han sagde med meg: «Statt upp og gakk ut i dalen, der vil eg tala med deg.»
23
Og eg stod upp og gjekk ut i dalen. Og sjå, der stod Herrens herlegdom lik den herlegdomen eg såg attmed elvi Kebar. Og eg fall ned på mitt andlit.
24
Men åndi kom i meg og reiste meg upp på føterne. Og han tala med meg og sagde til meg: «Gakk og steng deg inne i huset ditt!
25
Og du, menneskjeson. Sjå, dei skal binda deg med tog og setja deg fast med deim, so du ikkje kjem deg ut til å vera i lag med deim.
26
Og tunga di let eg hanga fast ved gomerne dine, so du vert mållaus og ikkje vert deim ein refsingsmann. For ei tråssug ætt er dei.
27
Men når eg talar med deg, vil eg opna munnen din; då skal du segja til deim: So segjer Herren, Herren: Den som vil lyda på, han lyde, og den som ikkje vil gjeva gaum, han late vera! For ei tråssug ætt er dei.»
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 4 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48