bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Ezekiel 37
Ezekiel 37
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 36
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 38 →
1
Herrens hand kom yver meg, og han førde meg i Herrens ande og sette meg ned midt i dalen, som no var full av bein.
2
Og han let meg ganga framum deim rundt ikring, og sjå, det var ei ovmengd av deim utyver dalen, og sjå, dei var ovleg turre.
3
Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Skal tru dei vil livna upp att, desse beini?» Og eg sagde: «Herre, Herre, du veit det.»
4
Og han sagde med meg: «Spå yver desse beini! Og seg med deim: De turre bein, høyr Herrens ord!
5
So segjer Herren, Herren, med desse beini: Sjå, eg let ånd koma i dykk, og de skal livna upp att.
6
Og eg vil setja senar på dykk og lata det koma kjøt på dykk og draga hud yver utanpå dykk og gjeva ånd i dykk, og de skal livna upp att. Og de skal sanna at eg er Herren.»
7
Og eg spådde so som eg var fyresagd. Då vart det ei skråving medan eg spådde, og sjå, det tok til å braka, og beini drog seg imot kvarandre, bein til bein.
8
Og eg såg, og sjå, det kom senar og kjøt på deim, og det drog seg hud utanpå deim. Men ånd var det ikkje i deim.
9
Og han sagde med meg: «Spå til anden! Spå, menneskjeson, og seg med anden: So segjer Herren, Herren: Kom, du ande, frå dei fire vindar og anda på desse drepne menner, so dei kann livna upp att!»
10
Og eg spådde so som han sette meg til. Og anden kom i deim, og dei livna, og dei stod på føterne sine, ein ovleg, ovleg stor her.
11
Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Desse beini, dei er heile Israels-lyden. Sjå, dei segjer: «Turre er våre bein; vår von vart um inkje, det er ute med oss.»
12
Spå difor og seg med deim: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg opnar graverne dykkar og let dykk, lyden min, risa upp or graverne dykkar, og eg vil føra dykk til Israels land.
13
Og de skal sanna at eg er Herren når eg opnar graverne dykkar og let dykk, folket mitt, risa upp or graverne dykkar.
14
Og eg vil senda min ande i dykk, og de skal livna upp att, og eg vil lata dykk få bu i landet dykkar. Og de skal sanna at eg er Herren; eg hev tala og vil setja det i verk, segjer Herren.»
15
Herrens ord kom til meg; han sagde:
16
Og du, Menneskjeson! Tak deg ein trestav og skriv på honom: «For Juda og dei Israels-born som er med honom.» Og tak deg ein annan stav og skriv på honom: «For Josef, ein stav for Efraim og all Israels-lyden som er med honom!»
17
Legg deim so i hop, ein attåt hin, so du fær deim til ein stav, og dei vert til eitt i handi di.
18
Og når landsmennerne dine segjer til deg: «Vil du ikkje lata oss få vita kva du meiner med dette?»
19
tala då til deim: «So segjer Herren, Herren: Sjå, eg tek Josefs stav, som er i Efraims hand, og Israels ætter som er med honom, og eg legg deim attåt Judas stav og gjer deim til ein stav, so dei vert til eitt i handi mi.»
20
Og stavarne som du skriv på, skal du halda i handi di framfor augo på deim.
21
Og du skal tala til deim: «So segjer Herren, Herren: Sjå, eg tek Israels-borni burt frå dei folki som dei for til, og eg vil samla deim frå alle stader og føra deim inn i landet sitt.
22
Og eg vil gjera deim til eitt folk i landet, på Israelsfjelli, og ein konge skal vera konge yver deim alle, og dei skal aldri meir vera tvo folk, og aldri meir vera sundbytte i tvo rike.
23
Og dei skal aldri meir sulka seg med dei ufysne avgudarne sine og med styggjorne sine eller med nokor av alle misgjerningarne sine. Og eg vil fri deim ut frå alle sine bustader, der dei hev synda, og eg vil reinsa deim, og dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud.
24
Og min tenar David skal vera konge yver deim, og ein hyrding skal vera åt deim alle. Og i mine lover skal dei ferdast, og mine bod skal dei halda og gjera etter deim.
25
Og dei skal bu i det landet som eg gav min tenar Jakob, der som federne dykkar budde. Dei skal bu i det, dei sjølve og borni deira og barneborni deira, æveleg, og David, min tenar, skal vera deira fyrste, æveleg.
26
Og eg vil gjera ei fredspakt med deim, ei ævepakt med deim skal det vera. Og eg vil busetja deim og lata deim aukast og setja min heilagdom midt ibland deim æveleg.
27
Og min bustad skal vera yver deim, og eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.
28
Og folki skal sanna at eg er Herren som helgar Israel, når min heilagdom vert verande millom deim æveleg.»
← Chapter 36
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 38 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48