bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Isaiah 43
Isaiah 43
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 42
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 44 →
1
Og no segjer Herren so, han som skapte deg, Jakob, og laga deg, Israel: Ver urædd! for eg hev løyst deg ut, eg hev ropa deg på namn, du er min.
2
Fer du gjenom vatn, so er eg med deg, gjenom elvar, so skal dei ’kje riva deg burt. Gjeng du i eld, du svidar deg ei, og logen skal ikkje brenna deg.
3
For eg, Herren, er din Gud, Israels Heilage er din frelsar. Egyptarland gjev eg til løysepeng for deg, Ætiopia og Seba til vederlag for deg.
4
For di du er dyr for meg, du er mykje verd, og eg elskar deg, difor gjev eg menneskje burt for deg og folkeslag for ditt liv.
5
Ver ikkje rædd! for eg er med deg; austanfrå vil eg føra di ætt, og vestanfrå vil eg samla deg.
6
Eg segjer til nordheimen: «Kom med deim!» Og til sudheimen: «Haldt deim ’kje att! Kom med sønerne mine langt burtanfrå og døtterne mine frå verdsens ende,
7
kvar den som heiter etter mitt namn, og som eg hev skapt til mi æra, og som eg hev laga og gjort.»
8
Før fram det blinde folk som hev augo, og dei dauve som lel hev øyro!
9
Lat alle folki samla seg og alle folkeslag møta. Kven av deim kann forkynna slikt? Lat deim melda kva dei fyrr hev spått. Lat deim møta med vitne og få rett, lat deim høyra og segja: «Det er sant!»
10
De er mine vitne, segjer Herren, og min tenar som eg hev valt ut, so de skal kjenna og tru meg og skyna at det er eg. Fyre meg vart ingen gud til, og etter meg kjem ingen.
11
Eg, ja eg er Herren, og utan meg finst det ingen frelsar.
12
Eg hev kunngjort og frelst, eg, og ingen framand gud millom dykk hev forkynt det. De er mine vitne, segjer Herren, og eg er Gud,
13
Enn i dag er eg den same, og ingen kann berga or mi hand. Det som eg gjer, kven kann gjera det ugjort?
14
So segjer Herren, dykkar utløysar, Israels Heilage: For dykkar skuld eg utbod mot Babel og alle saman driv eg på flukt, kaldæarane på sine lystskip.
15
Eg, Herren, er dykkar Heilage, Israels skapar er dykkar konge.
16
So segjer Herren, som gjorde veg i havet, ein stig i dei stride straumar,
17
som let vogner og hestar draga ut, både her og hovding - dei låg der og reiste seg ikkje, dei er sløkte, dei slokna som lampeveik -:
18
Tenk ikkje på det som fyrr hev vore, og på det framfarne gjev ikkje agt!
19
Sjå, eg gjer noko nytt, no renn det, går de det ikkje? Ja, eg vil gjera veg i heidi, elvar i øydemarki.
20
Dyri på marki skal æra meg, sjakalar og strussar, for eg gjev vatn i heidi, elvar i øydemarki, so mitt utvalde folk kann få drikka.
21
Det folk eg hev skapt meg, dei skal forkynna min pris.
22
Men på meg hev du ikkje kalla, Jakob, so du gjorde deg bry for meg, Israel.
23
Ikkje hev du gjeve meg dine brennofferlamb, og ikkje meg æra med dine slagtoffer, ikkje hev eg brytt deg med grjonoffer, og ikkje med røykjelse plåga deg.
24
Ikkje hev du for pengar kjøpt meg krydderøyr, og ikkje kveikt meg med feittet av dine slagtoffer. Nei, du hev trøytta meg med dine synder og brytt meg med dine misgjerningar.
25
Eg, ja eg er den som slettar ut misgjerningarne dine for mi skuld, og eg kjem ikkje synderne dine i hug.
26
Minn meg, so gjeng me saman til doms, fortel du, so du kann få rett!
27
Den fyrste far din synda, og dine målsmenn var utrue mot meg.
28
So laut eg vanhelga heilage hovdingar, lysa Jakob i bann og Israel gjeva til spott.
← Chapter 42
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 44 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66