bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Isaiah 66
Isaiah 66
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 65
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
1
So segjer Herren: Himmelen er min stol, og jordi mi fotskor. Kva hus vil de då byggja åt meg, og kvar skulde vera min kvilestad?
2
Alt dette skapte eg med mi hand, og soleis vart alt dette til, segjer Herren. Den som eg vil sjå til, er den arme og hugbrotne, og den som skjelv for mitt ord.
3
Slagta ein stut er som drep ein mann, ofra eit lamb som å tyna ein hund, ofra grjonoffer som ofra svineblod, brenna røykjelse som hylla ein avgud. Som dei hev valt sine eigne vegar, og dei likar si ufysna,
4
so vil eg og velja deira vanlukka og føra yver deim det som dei ræddast, for di ingen svara då eg ropa, og dei høyrde ikkje då eg tala, men gjorde det vonde i mine augo og valde det som eg ikkje lika.
5
Høyr då Herrens ord, de som skjelv for hans ord! Dykkar brøder som hatar dykk, segjer, dei som støyter dykk burt for mitt namn skuld: «Lat Herren syna seg herleg, so me kan sjå dykkar gleda!» Men dei skal verta til skammar.
6
Høyr gnyen frå byen! Høyr omen frå templet! Høyr, Herren gjev sine fiendar lika for deira verk!
7
Fyrr ho vert barnsjuk, hev ho født, fyrr riderne kjem, hev ho fenge ein gut.
8
Kven hev høyrt um slikt? Kven hev sovore set? Kjem eit land til verdi på ein einaste dag? Kann eit folk verta født med ein einaste gong? For Sion vart barnsjuk og fødde med same sønerne sine.
9
Skuld’ eg opna morsliv og ei gjeva føding? segjer Herren. Eller gjeva føding, og so halda fosteret att? segjer din Gud.
10
Gled dykk med Jerusalem og jubla yver henne, alle som hev henne kjær! Fegnast storleg med henne, alle de som ber sorg for henne!
11
So kann de suga og mettast av hennar hugsvalande barm, so de kann drikka og kveikjast av hennar herlege rikdom.
12
For so segjer Herren: Sjå, eg leider fred til henne som ei elv, og herlegdomen hjå folki som ein fløymande bekk, og de skal få suga; dei skal bera dykk på armen, setja dykk på fanget og kjæla med dykk.
13
Som mori trøystar sin son, soleis skal eg trøysta dykk, ja, i Jerusalem skal de få trøyst.
14
De skal sjå det, og hjarta dykkar skal fegnast, og beini dykkar skal friskna som graset, og merkast skal Herrens hand hjå hans tenarar, men hans harm er yver hans fiendar.
15
For sjå, Herren kjem i eld, og hans vogner er som ein storm, hans vreide skal råka med brennande harm, hans trugsmål med logande eld.
16
For Herren held dom med eld, og med sverdet sitt yver alt kjøt, og mange vert dei som Herren hev drepe.
17
Dei som helgar og reinsar seg for hagarne etter ein som er midt millom deim, dei som svinekjøt et og ufysne dyr, ja myser, dei skal tynast alle i hop, segjer Herren.
18
Eg kjenner deira gjerningar og deira tankar. Den tid kjem då eg samlar alle folk og tungemål, og dei skal koma og sjå min herlegdom.
19
Eg vil gjera eit teikn imillom deim, og nokre av deim som vert berga, vil eg senda til heidningfolki, til Tarsis og Pul og Lud, bogeskyttarane, til Tubal og Javan, til øylandi langt burte, som ikkje hev høyrt gjetordet um meg og ikkje hev set min herlegdom, og dei skal kunngjera min herlegdom millom folki.
20
Og dei skal koma med alle brørne dykkar frå alle folkeslagi til offergåva åt Herren, på hesteryggen, på vogner, i berestolar, på muldyr og på kamelar, upp til mitt heilage fjell i Jerusalem, segjer Herren, liksom Israels-borni kjem med offergåva i reine skåler til Herrens hus.
21
Og jamvel av deim vil eg taka ut levitiske prestar, segjer Herren.
22
For liksom den nye himmelen og den nye jordi som eg skaper, skal standa for mi åsyn, segjer Herren, so skal og dykkar ætt og dykkar namn standa.
23
Kvar månad på nymånedagen og kvar vika på kviledagen skal alt kjøt koma og kasta seg ned for mi åsyn, segjer Herren.
24
Og dei skal ganga ut og sjå på liki åt dei menner som hev falle frå meg; for makken deira skal ikkje dauda, og elden deira skal ikkje slokna, og dei skal vera ei gruv for alt kjøt.
← Chapter 65
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66