bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Isaiah 9
Isaiah 9
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 8
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 10 →
1
Men myrker skal ikkje verta verande i det landet som no er i våde. I den tidi som gjekk, hev han late landet åt Sebulon og Naftali vera lite vyrdt, men i framtidi skal han lata vegen attmed havet koma til æra, landet på hi sida åt Jordan, heidningkrinsen.
2
Det folket som ferdast i myrkret, skal sjå eit stort ljos; yver deim som bur i daudskugge-landet, skal ljoset stråla.
3
Du aukar folket som du fyrr ikkje gav stor gleda; dei gled seg for di åsyn som ein gled seg i kornskurden, som ein frygdar seg når herfang vert utskift.
4
For det tunge oket, kjeppen til ryggen deira, staven åt drivaren deira, hev du brote sund, liksom på Midjans-dagen.
5
For kvar ein styvel som stauka i stridsgny, og kvar blodsulka klædnad skal brennast og verta mat åt elden.
6
For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven, og herreveldet kviler på hans herdar, og han heiter Underfull, Rådgjevar, Veldug Gud, Æveleg Fader, Fredsfyrste.
7
So skal herredømet verta stort og freden utan ende yver Davids kongsstol og yver riket hans; det skal reisast og stydjast med rett og rettferd frå no og til æveleg tid. Brennhugen i Herren, allhers drott, skal gjera dette.
8
Eit ord sender Herren mot Jakob, det slær ned i Israel,
9
og heile folket skal merka det, Efraim og Samaria-buarne, som i hjartans storlæte og ovmod segjer:
10
«Tiglmurar hev rundt saman, men me skal byggja upp att med hoggen stein; morbertre er felte, men me skal setja cedertre i staden.»
11
Difor reiser Herren Resins uvener mot deim og eggjar fiendarne deira,
12
syrarane frå den eine sida og filistarane frå den andre, og dei skal eta upp Israel med gløypande gap. Med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg, og endå retter han ut handi.
13
Men folket vende ikkje um til honom som slær det, Herren, allhers drott, søkjer dei ikkje.
14
Difor høgg Herren både hovud og hale av Israel, palmegrein og sev, alt på ein dag.
15
Styresmann og storkar er hovudet, og ein profet som lærer lygn, er halen.
16
For dei som fører folket, fører vilt, og dei som let seg leida, gjeng til grunnar.
17
Difor kann ikkje Herren gleda seg yver ungdomarne deira og ikkje heller hava medynk med dei farlause og enkjorne; for alle saman so er dei gudlause og gjer det vonde, og kvar munn talar dårskap. Med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg, og endå retter han ut handi.
18
For gudløysa brenn som eld, øyder torn og tistel og kveikjer i den tjukke skogen, so han gjeng upp i høge kvervlar av røyk.
19
Ved harmen til Herren, allhers drott, stend landet i loge, og folket vert til føda for elden; den eine sparer ikkje den andre.
20
Dei høgg til høgre og hungrar endå, dei glefser til vinstre og vert ikkje mette; kvar og ein et holdet av sin eigen arm:
21
Manasse et Efraim og Efraim Manasse; og båe tvo til saman kastar seg yver Juda. Men med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg, og endå retter han ut handi.
← Chapter 8
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 10 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66