bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Isaiah 60
Isaiah 60
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 59
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 61 →
1
Statt upp, vert ljos! for ljoset ditt kjem, og Herrens herlegdom renn upp yver deg.
2
Sjå, myrker ligg yver jordi, og skydimma yver folki, men yver deg renn Herren upp, yver deg hans herlegdom syner seg.
3
Og folkeslag fer til ditt ljos, og kongar til din strålande glans.
4
Lyft augo upp, og sjå deg ikring! Dei samlar seg alle, dei kjem til deg. Dine søner kjem langt burtanfrå, dine døtter vert borne på armen.
5
Då skal du sjå det og stråla av gleda, og hjarta skal bivra og vida seg ut; for havsens rikdom skal venda seg til deg, folke-midelen koma til deg.
6
Mengdi av kamelar skal dekkja deg, kamelfolar frå Midjan og Efa; alle skal dei koma frå Saba; gull og røykjelse skal dei bera, og forkynna Herrens pris.
7
Alle sauer frå Kedar skal samlast til deg, verar frå Nebajot tena deg, dei stig som eg vil på mitt altar, og mitt herlege hus vil eg herleggjera.
8
Kven er det som flyg som skyer, som duvor til sine hus?
9
For øyland ventar på meg, og fremst gjeng Tarsis-skipi med borni dine langt burtanfrå, deira sylv og gull kjem med deim, for namnet åt Herren din Gud, for Israels Heilage, for han vil gjera deg herleg.
10
Utlendingar skal dine murar byggja, deira kongar skal tena deg; for i min harm hev eg slege deg, men i min nåde miskunnar eg deg.
11
Dine portar skal stødt standa opne, korkje dag eller natt skal dei stengjast, so eiga åt folki kann førast til deg, og kongarne deira i sigerferdi;
12
For det folk og det rike som ikkje vil tena deg, skal ganga til grunns, og folki verta reint tynte.
13
Libanons herlegdom skal koma til deg, cypressa, alm og gran i saman, til å pryda min heilagdoms stad, eg vil heilaggjera min fotstad.
14
Bøygde kjem til deg borni åt trælkaran’ dine, dei som vanvyrde deg, skal kasta seg ned for føterne dine, og dei skal kalla deg «Herrens by», «Sion åt Israels Heilage».
15
Medan du fyrr var forlati og hata, og ingi ferdsla hadde, vil eg gjera deg æveleg gild, til ei gleda frå ætt til ætt.
16
Du skal suga mjølk ifrå folki, ja, kongebrjost skal du suga, du skal merka at Herren, eg, er din frelsar, og Jakobs Velduge din utløysar.
17
Gull let eg koma i staden for kopar, sylv let eg koma i staden for jarn, kopar i staden for tre, og jarn i staden for steinar, fred set eg til styremagt yver deg, og rettferd til futar åt deg.
18
Ikkje meir skal ein høyra um vald i ditt land, avøyding og snøyding innum grensorne dine. Du skal kalla frelsa murarne dine, og lovsong portarne dine.
19
Ikkje skal soli lenger vera deg til ljos um dagen, og ikkje skal månen skina og lysa for deg; men Herren skal vera deg ævelegt ljos, og din Gud vera din herlegdom.
20
Ikkje lenger skal soli di glada, og ikkje månen din missa sin glans; for Herren skal vera deg ævelegt ljos, dine syrgjedagar er enda.
21
Og ditt folk, dei er alle rettferdige, æveleg skal dei landet eiga, dei er renningen av mi planting, verket av mine hender til mi æra.
22
Den minste skal verta til tusund, den ringaste til eit veldugt folk. Eg er Herren, i si tid set eg det brått i verk.
← Chapter 59
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 61 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66